Av Arne Eithun og Kjell Arvid Stølen
Det har knapt vore vedlikehald på kyrkja på Kvamsøy dei siste 20 åra. På 1980-talet vart det brukt 100.000 kroner til kalking av ytterveggane, men sidan har det freda kulturminnet nærast blitt bortgøymt i ein stadig større krattskog. Kyrkjeverje Jostein Risa kan berre seie seg lei for utviklinga.
- Balestrand har ansvaret
Seniorrådgjevar hos Riksantikvaren, Håvard Kristiansen, seier det er Balestrand kommune som sjølv har vedlikehaldsansvaret for middelalderkyrkja på Kvamsøy.
- Balestrand har ikkje råd
Kyrkjeverje Jostein Risa er klar over ansvaret til kommunen. Men han seier at Kvamsøy kyrkje treng ein million kroner til vedlikehald for å få gjort noko med det mest prekære. Dette maktar ikkje Balestrand kommune åleine, seier han.
Kvamsøy kyrkje. SognaFoto