Hopp til innhold

Her markerer dei starten for Måløyraidsenteret

Samtidig som frigjeringsdagen vart markert til det fulle i Måløy, vart også grunnsteinen for Måløyraidsenteret lagt ned.

Avduking av Martin Linge statue

AVDUKING: Slik såg det ut då både ordførar Morten Hagen og statssekretær Himanshu Gulati (Frp) avduka denne figuren og dermed la grunnsteinen for det komande Måløyraidsenteret.

Foto: Bjarne Eldevik

Martin Linge

LINGE: Denne figuren har no tatt plass i Måløy. Motstandsmann Martin Linge markerer dermed ein viktig milepæl for Måløyraidsenteret.

Foto: Bjarne Eldevik

Og grunnsteinen var ein heilt spesiell figur av ein viktig motstandsmann.

– Vi skal no markere at vi har kome til ein milepæl i vårt arbeid med å realisere eit krigshistorisk kunnskapssenter, fortel lokalhistorikar og pådrivar for senteret gjennom ei årrekke, Terje Sølvberg.

Terje Sølvberg

EIN MILEPÆL: Terje Sølvberg er pådrivar for kunnskapssenteret om Måløyraidet. Avdukinga av Linge-figuren i Måløy vart ein viktig grunnstein for senteret.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Måløyraidsenteret skal markere det allierte åtaket på tyskokkuperte Måløy i 1941. Fleire tyske soldatar vart drepne, og ikkje minst den norske motstandshelten Martin Linge. Senteret vil innhalde ei rute mot krigsåra, den største mot Måløyraidet.

Under 8. mai markeringa i Måløy i dag vart det holdt ei spesiell markering ved Herradsheim, der det framtidige Måløyraidsenteret skal plasserast. Ein figur av Martin Linge vart avduka og markerte starten av det som skal kome her. Ein viktig milepæl.

(Artikkelen held fram under bileta)

SJÅ BILETE FRÅ MARKERINGA I MÅLØY:

Frigjeringsdag markering i Måløy
Foto: Bjarne Eldevik

Det handlar om å ta vare på krigshistoria for komande generasjonar. Ein møter i dag interesse for krigshistoria, også blant dei unge, seier han.

Eit slikt senter har både ein nasjonal og internasjonal interesse, meiner Solvberg.

Vil bryte målstreken neste år

– Eg trur det skal bli eit spennande og interessant senter både for skular og folk flest, seier han.

Etter mykje usikkerheit om dei i det heile vil klare å realisere senteret har dei no fått støtten dei treng, og i dag legg dei ned første grunnstein.

Sølvberg håpar på realisering av senteret så fort som mogleg.

– Vi ønskjer å bryte målstreken neste år. Då er det 75 år sidan Måløyraidet og 75 år sidan Martin Linge mista livet kamp her. Det er ein god jobb som skal gjerast, men no går vi framover.

– 8. mai betyr mykje

Odd Oldeide vetern (i midten)

VETERAN: Odd Oldeide var ein av krigsveteranane som var invitert til veterantreffet i Måløy fredag.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Måløy var ein av fire stader i landet forsvarsdepartementet valde å markere firgjeringsdagen i dag. Her var det både utdeling av krigsminnemedalje og veterantreff. Over femti veteranar hadde i dag teke turen til Turnhallen i Måløy.

Veteranar frå dei norske utanlandsstyrkene også etter krigen var invitert.

Ein av dei var Odd Oldeide. I 1947 var han ein del av tysklandsbrigadane.

– Vi var faktisk dei første som var ute av landet i slike fredsbevarande operasjonar rett etter krigen, fortel veteranen.

Dette var ei ny oppleving for han og dei andre unge 20-åringane.

– 8 mai er ein dag av stor betydning. Å få att freden etter å ha vakse opp med krigen. Det er mange episodar frå den tida ein gjerne skulle vore forutan, fortel Oldeide.

Han set difor ekstra stor pris på frigjeringsdagen og dagens markering.

Created by InfoDispatcher

SJÅ TV-SAK: Aslaug Kambestad Skram fekk i dag regjeringa sin minnemedalje, som takk for innsatsen utnder krigen.