– Dei seier at ein god latter forlengar livet. Eg har vel forlenga nokre liv med dette intervjuet, humrar tidlegare lensmann i Førde og Naustdal, Kjell Fonn, på veg inn i studio.
For det som skulle vore ein vanleg arbeidsdag i 2002, vart langt frå det. Det har han merka meir enn ein gong.
For gjere historia kort, Fonn trengde meir enn eitt forsøk på å forklare dåverande NRK-journalist Marion Solheim kva narkotisk plante politiet beslagla under ei ransaking i Førde.
– Det berre stokka seg. Det var ikkje tale om å få det på rett kjøl, ler Kjell Fonn etter å ha høyrt intervjuet på nytt.
Ordet han aldri klarte å uttale, sjølv med hjelp frå journalisten, var cannabis. Eitt av verdas mest nytta rusmiddel - og forbode i Norge.
Fonn angrar nok truleg litt på at han i 2007 gav humorprogrammet Radio Røysi og NRK Sogn og Fjordane lov til å pusse støv av intervjuet. Intevjuet, der han avslutningsvis forsikrar at han «ikkje har ete av plantane», har sidan levd sitt eige liv på internett.
– Eg er klar over at mange har fått seg ein god latter. Men det er jo heilt på trynet, humrar Fonn.