– Kva er den raraste regelen du veit om innanfor kristendommen? Må du som biskop halde deg i god form? Og kan du som biskop ha samleie?
Dei tre spørsmåla var det Filip Bakke Øvrebø håpte å få stille biskop i Bjørgvin, Halvor Nordhaug, då han vitja Vågsøy ungdomsskule torsdag. Det er første gong på 16 år at Vågsøy sokn har bispevisitas.
Måtte svare ærleg
Biskop i Bjørgvin, Halvor Nordhaug, skal vere på rundreise i soknet i fem dagar. Ein dag hadde han sett av til å møte 9. klasse ved Vågsøy ungdomsskule. Dei hadde fått lov å spørje biskopen om alt dei ønskte.
May Torild Nordbø Beddari hadde førebudd andre spørsmål ho ville stille til biskopen;
– Kva syns du om homofilt ekteskap? Kan ein som er homofil bli prest eller biskop? Og kva synest du om samleie før ekteskap?
I tillegg måtte Nordhaug svare på kva type bil han køyrer. Til det svara han:
– Eg måtte ha ny bil, og tenkte kva bil ville Jesus kjøpt? Akkurat då sleit Saab veldig, så eg kjøpte ein Saab 9.3 for å støtte dei, utan at det hjelpte då, forklarte biskopen.
Vart mobba som barn
Spørsmåla var mange for biskop Halvor Nordhaug, som verkeleg vart utfordra av 9.-klassingane.
Han måtte svare på kva fotball-lag han heiar på, om han har møtt paven, i tillegg til at han vart utfordra på hans og kyrkja sitt syn på abort, asylpolitikk, makt og pengar, tiggarforbod, kyrkjeasyl, og om han trur verda vart skapt på 6 dagar.
Biskopen var også personleg – for på spørsmål om han angra på at han vart kristen svarte han:
– Nei, men det har ikkje alltid gjort livet mitt lettare. Då eg var liten vart eg mykje mobba. Eg var litt tjukk, hadde raudt hår og var kristen og ville bli prest. Det var ikkje populært, og eg vart kalla reservejesus. Men eg har aldri angra. Eg visste alt når eg var på dykkar alder (15-16 år) at eg ville bli prest.