Hopp til innhold

Her kan du stå på ski i romjula

Fleire av alpinanlegga i Sogn og Fjordane har opna for sesongen. Her kan du stå på ski i ditt eige nærområde.

Harpefossen skisenter

GRÅTT - MEN OPE: Mange lokale skianlegg melder om at sesongen er i gang, og at dei første skientusiastane allereie er på plass. Biletet syner Harpefossen skisenter søndag ettermiddag.

Foto: Webkamera: Harpefossen skisenter

I Nordfjord har skianlegga på Harpefossen og i Stryn opna delar av bakkane for sesongen. I Sunnfjord er det ope i Blomlia ved Førde, og Jølster skisenter opnar måndag. I Sogn kan du stå på ski i Heggmyrane på Hafslo.

Lite natursnø i bakkane

NRK Sogn og Fjordane har teke ein telefon til dei største skianlegga i fylket, og mange stader er skisesongen no i gang for fullt.

Men: det er førebels ingen som har opna heile trekket sitt for skifolket. For det har ikkje komme veldig mykje natursnø, og dei fleste har for lite snø heilt øvst i anlegget.

- Det ligg 90 centimeter snø på toppen av bakken. Men etter at vi har trakka med maskin, er det berre 28 centimeter igjen - så det er berre luft, seier driftssjef Knut Krogstad i Hodlekve skisenter.