Hopp til innhold

Her har det vore meir enn dobbelt så mykje regn som normalt i juli

Juli har vore unormalt våt i Sør-Noreg, og fleire målestasjonar har sett ny juli-rekord for nedbør. Likevel burde ein ikkje klage, meiner psykologiprofessor.

Ein typisk juli-dag i Stavanger 2020

UNORMALT: Det har vore unormalt mykje nedbør i juli i Sør-Noreg i år. Her frå ein typisk julidag i Stavanger. Her har det kome 150 prosent meir nedbør enn normalt.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

– Det har vore unormalt vått i Sør-Noreg i juli, seier klimaforskar Line Båserud ved Meteorologisk institutt.

Særleg Rogaland har vore ekstra uheldig med sommarvêret.

Ved målestasjonen Søyland i Gjesdal er det registrert 300 prosent av normal nedbørsmengde.

Same tal for Stavanger er 250 prosent.

Også i Landvik i Aust-Agder og i Oslo har det regna mykje i juli.

Laster Twitter-innhold

Blant dei kjøligaste nokon gong

Men det har ikkje berre vore fuktig.

Ikkje sidan 1993 har ein opplevd ein så kald juli sør i landet.

– For Austlandet kan årets juli månad hamne blant dei ti kjøligaste som nokon gong er registrert, seier Båserud.

Gjennomsnittstemperaturen for Oslo har vore 1,5 grader lågare enn normalt, syner tal frå Meteorologisk institutt.

Både Stavanger og Bergen har låge 0,8 grader under gjennomsnittet denne månaden.

Line Båserud

VÅTT OG KALDT: Det har vore kaldare og våtare enn normalt denne juli månaden, særleg i Sør-Noreg, seier klimaforskar Linda Båserud ved Meteorologisk institutt.

Foto: Meteorologisk institutt

Varme i nord

Årsaka til at det har vore så kald sommar i den sørlege delen av Noreg er ei heitebølgje frå Sibir som har kome inn over Nord-Norge og gitt lågtrykk og nedbør sør i landet.

– Dette varierer årleg. Nokre juli månadar er varme, nokre er kalde, seier ho.

Likevel er det meir vanleg at temperaturane er høgare enn normalt, vedgår Båserud.

Noko overraskande har det nordlegast fylke i Noreg gått av med sigeren for varmaste juli i år.

Troms og Finnmark har hatt flest dagar med over 25 varmegradar.

Onsdag vart det målt 25,7 grader i Tromsø, som er den varmaste temperaturen som er målt der hittil i år.

NORD:

NORD: Ei heitebølgje frå Sibir som har kome inn over Nord-Norge og gitt lågtrykk og nedbør sør i landet. Bildet er frå Reinebringen i Lofoten.

Foto: Rune Stoltz Bertinussen

Kan påverke humøret

Sol og varme har vore fråverande for både fastbuande og ferierande i Sør-Noreg denne månaden.

For mange kan det gråe og regnfulle vêret påverke humøret.

– Juli har vore litt kald etter min smak, særleg i forhold til badetemperaturen. Ein blir litt påverka av vêret, seier Stine Husabø Eliassen.

Ho og dottera Dina har testa badetemperaturen i Førde i dag. Sjølv om juli stort sett har vore grå, meiner Husabø at ein må gjere det beste ut av det.

– Vi bur jo i eit land med mykje ulikt vêr, då må ein jo berre innrette seg etter dette og finne på aktivitetar som er passande. Det prøver vi på.

Stine Husabø Eliassen og Dina Husabø Eliassen testar badetemperaturen i Førde.

PÅ FERIE: Stine Husabø Eliassen og dottera Dina frå Trondheim er på ferie i Førde denne veka. I dag testa dei badetemperaturen.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Ikkje store problem

Professor Kristine Lindstrøm ved institutt for psykologi ved Universitetet i Bergen meiner at nordmenn klagar for mykje over vêret i Noreg.

– Det er jo ein klassikar å skulde på vêret når ein er i dårleg humør. Regnar det ei veke er det andre ting ein kan gjere, og er det noko som hjelper på dårleg humør, så er det fysisk aktivitet.

Ho meiner at ein ikkje kan klage over noko ein allereie veit på førehand. Nemleg at Noreg har varierande vêr.

– Og har ein ikkje større plagar enn at det regnar ein del i sommarferien, så trur eg ein har eit godt liv. Då har ein ikkje så store problem.

En liten gutt hopper i en vanndam.

KLAGE: Professor Kristine Lindstrøm ved institutt for psykologi ved Universitetet i Bergen meiner at ein ikkje kan klage på varierande vêr.

Foto: Håkon Mosvold Larsen

Siste dag – varmaste dag?

Dei siste dagane har det også vore varmt og mindre fuktig i Sør-Noreg. På vestlandet har gradestokken vist over 20 grader fleire stader i dag.

– Nokre stader kan det bli den varmaste dagen registrert i Sør-Noreg denne månaden, seier Line Båserud.

Om det vert nokre varmerekordar står att å sjå. Måndag vil total oversikt over juli vere klar.

Førebels ser det ut som at både Sør-Noreg og Nord-Noreg får ein våt start på august.

Laster Twitter-innhold