Hopp til innhold

Her gjekk det gale for litauaren

Ein semitrailer frå Litauen sperra fredag morgon E16 over Filefjell i vel ein time.

Semitrailer sperra E16 ved Maristova

STOD HEILT PÅ TVERS: Yrkessjåføren frå Litauen fekk problem då han skulle over E16 fredag morgon. Her gjekk det gale.

Vegtrafikksentralen fekk like før klokka 08 fredag melding om at ein semitrailer hadde saksa seg like ved Maristova på E16 over Filefjell.

Brøytemannskap prøvde først å dra hengaren på rett kjøl, men ein tungbilbergar vart send til staden. Etter vel ein time vart vegen opna att.

Semitraileren frå Litauen var lasta med store containerar og vart ståande med hengaren heilt på tvers i vegbana.

Ifølgje bilbergingssjåfør Anders Frydenlund er ikkje trekkvogna køyrbar og denne blir truleg frakta til Vang. Hengaren skal også ha fått mindre skader.

E16 over Filefjell var også i natt stengd på grunn av bilberging. På fleire andre fjellovergangar har vinden herja og det har vore kolonnekøyring. Det er også meldt om glatte vegar både i låglandet og på fjella.

– Det er mykje isdekke rundt om kring på fjella, så det kan vere glatt, seier Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen.

SJÅ OPPDATERTE VEGMELDINGAR HER