– Når ein film blir spelt inn her i Fjærland, vil vi vise han her. Det blir spanande å sjå kor mange kjentfolk eg får sjå, seier Jon-Ove Eineteig i Fjærland ungdomsslag.
Hemndramaet vart spela inn i Fjærland og på Mundal hotell sommaren 2014.
Filmen «Hevn» er basert på Ingvar Ambjørnsen sin bok «Dukken i Taket». Stjernenamn som Trond Espen Seim og Anders Baasmo Christiansen har roller i filmen, som spinn handlinga rundt ei kvinne med sterk hemntrong.
- Les også:
Fekk løyve likevel
Eigentleg var det ikkje planlagt å vise filmen i Fjærland, men Eineteig snakka med produksjonsselskapet og fekk løyve til å vise filmen likevel.
– Mange i bygda har vore med som statistar. Men så lenge vi får vist fram nokre fine naturbilete, så bør vi vere nøgde, seier Eineteig.
Før filmen starta var fjærlendingane spente på korleis bygda ville ta seg ut på det store lerretet. Det hadde på førehand vore varsla om ein skummel film. Trass i det hadde bygdefolket stor tru på at filmen ville gje eit godt inntrykk av Fjærland.
– Eg er mest spent på kjensla eg får av bygda og hotellet etter å ha sett filmen. Kanskje eg ikkje tør å gå på hotellet etterpå, seier Marianne Nilsen før snikpremieren.
- Les også:
Spesielt å sjå att nærområdet på film
Ho var ikkje åleine om frykte at filmen vart uhyggeleg.
– Det er jo veldig fint her om sommaren, men eg har ein oppfatning av at filmen blir veldig skummel, og at Fjærland får ein litt annan stemning enn den som eigentleg er her, seier Grete Mundal.
Etter filmen var de fleste godt nøgde med korleis Fjærland såg ut på skjermen.
– Det er ganske spesielt å sjå ein film der ein kjenner så mykje av omgivnadane. Den dramatiske naturen gir litt ekstra, og settinga er veldig vakker og litt trolsk, seier Nilsen, som før ho såg filmen frykta å verte redd for å gå på hotellet.
- Les også:
Fenga meir enn han hadde trudd
Arne Skjelten og familien lånte bort huset sitt til hotelldirektøren i filmen da han vart spela inn.
– Det var litt spesielt å sjå huset. Det var nokre scener eg ikkje forbind med huset til vanleg, for å seie det sånn. Men filmen fenga meir enn eg hadde trudd. Det var artig å sjå, seier Skjelten.
Neste veke har filmen festpremierar i både Førde og Sogndal. Men aller først blei han altså vist i Fjærland.