Hopp til innhold

Her er resultatet av førjulsmoroa

Romantikken i sauefjøsen under innspelinga av julekalenderen Oddvars jul har fått konsekvensar.

Oddveig, Gro og Jon Arne Langeland

DEI TO FØRSTE LAMMA: Sauebonde Jon Arne Langeland saman med lamma Oddveig og Gro.

Foto: Privat

Det heile starta då kunstnaren Oddvar Torsheim reiste til Hellesylt for å besøke reporter Karl Kristian Langeland. Med på laget var Gro Ravnestad som også er reporter i NRK.

Under innspelinga av dei 24 episodane skjedde det mykje. Mellom anna då storeveren blei sleppt inn i sauefjøsen. No har dette altså fått konsekvensar.

– To lam har no kome til verda, fortel sauebonde Jon Arne Langeland.

(Artikkelen held fram under videoen)

Julekalenderen 2012 frå NRK Sogn og Fjordane.

LUKE 4: Slik gjekk det for seg då storveren blei sleppt inn til sauene under innspelinga av fjerde episode.

Tjuvstarta paringa

Dei to små lamma kom til verda litt før dei andre, nettopp på grunn av julekalenderen. Paringa skjedde nemleg før normal tid for den slags aktivitetar i sauefjøsen.

– Det var ein liten tjuvstart og difor starta lamminga ei veke før vanleg tid, seier sauebonden.

På førehand var det bestemt at dei skulle kallast opp etter Oddvar og Gro. Men slik gjekk det ikkje heilt, for det var nemleg to jentelam som kom til verda.

– Dermed blei det Gro og Oddveig. Det er to spreke og flotte lam og det heile gjekk veldig greitt. Eg har barnebarn her som også tykkjer det er stor stas, seier han.

Lamma Oddveig og Gro

KOSAR SEG: Lamma Oddveig og Gro kvilar seg i fjøsen. Så fort det blir meir vårleg ute, får dei nok lufte seg ute.

Foto: Privat

Tjuvstarta paringa

No ventar travle veker før sauebonden på Hellesylt. Han har vaktrom i fjøsen og tykkjer det er kjekt å følgje med.

– Gro og Oddveig får snart nærare 140 søsken. Når det blir meir vårleg og varmare i vêret, får dei kome seg på beite. Det er flott området til fjells, seier han.

Oddvars jul

TEAMET: Oddvar Torsheim (f.v.), Gro Ravnestad og Karl Kristian Langeland laga Oddvars jul på Hellesylt.

Foto: Stig Indrebø / NRK