Hopp til innhold

Her er det dyrast å kjøpe hus

Største skilnaden er på nesten 20 000 kroner per kvadratmeter for hus i Sogn og Fjordane.

Sogndal

Sogndal har den høgaste snittprisen per kvardratmeter bustad i fylket.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK /Fylkesleksikon

- Eg er ikkje overraska over prisforskjellane, seier Heidi Berge, eigedomsmeklar i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Sogndal på topp

Prisen på eit husvere i fylket varierer veldig frå kommune til kommune. Gjennomsnittsprisen per kvadratmeter er per dags dato i Sogn og Fjordane 15 835 kroner.

Skal du kjøpe hus i Sogndal må du punge ut. Der er snittprisen høgast på 27 132 kroner per kvadratmeter ifølgje Finn.no.

- Sogndal har hatt ein del utbyggingar av leilegheiter dei seinare åra. Og sentrum i Sogndal er eit pressområde, seier Berge.

Store lokale skilnader

Det fører til at prisen går opp. Og tru det eller ei, men jo lågare kvadratmeter bustaden har, jo høgare vert prisen.

- Det er slik at det er leilegheiter som kostar mest, og då spesielt nye leilegheiter.

Men ein treng ikkje reise langt frå Sogndal for å få rimelegare bustader. I Leikanger er gjennomsnittsprisen per kvadratmeter på 8 247 kroner.

Høyanger på botn

Høyanger

Høyanger har den lågaste prisen for bustader i fylket. Her er snittprisen per kvadratmeter 7149 kroner.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK /Fylkesleksikon

Høyanger ligg på botn av lista med snittpris på 7 149 kroner per kvadratmeter.

- Høyanger har ein del eldre bustader, og då einebustader. Det fører til at prisen går ned. Dei har slite på arbeidsmarknaden i tillegg, og det fører også til at prisane ikkje går opp, forklarer eigedomsmeklaren.

Korleis det går med viktige arbeidsplassar som Hydro og Fundo har også vore med på å justere prisane på bustader i området.

- Det har vore slik i mange år, seier Berge.

Jo mindre kvadratmeter ei bueining har, jo høgare vert prisen.

Heidi Berge, eigedomsmeklar

Kan koste 30 000 pr/kvm

Førde sentrum

I Førde er det mange nybygg som dreg prisen opp i bustadmarknaden.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Førde ligg lågare enn Sogndal. Berge seier Sunnfjordbyen har ein god variasjon av bustader.

- I Førde varierer prisane veldig. Det er jo kjendt at nye leilegheiter i området kostar mykje. Der kan prisen komme opp i 30 000 kroner per kvadratmeter, seier ho.

Men har du ei leilegheit frå 70-tallet går prisen ned.

- Snittprisen i Førde er lågare enn i Sogndal, men det trur eg har noko med miksen i bustadane å gjere.

Ingen hus til sals

Sogndal sentrum

Sogndal sentrum er eit pressområde som får prisane på hus til å gå opp.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Det er to kommunar som ikkje har bustader til sals per dags dato. Det er Aurland og Balestrand.

I Hyllestad er det eitt hus til sals til ein pris av 1 780 000 kroner for 97 kvadratmeter.

Askvoll sentrum

Snittprisen per kvadratmeter bustad i Askvoll er 7901 kroner.

Foto: Arild Nybø / NRK