Her er dagens quiz – 30. desember

Finn fram penn og papir. No er det quiz-tid med NRK Sogn og Fjordane.

Julequiz 2018
Foto: Fotomontasje

Kvar dag, frå julaftan og fram til 1. nyttårsdag, gir vi deg ei lett blanding med spørsmål om smått og stort som har skjedd i Sogn og Fjordane gjennom året.

Det viktigaste hjelpemiddelet du vil trenge er penn og papir. Enkelte spørsmål kan også krevje litt ekstra av dei små grå, men det er berre eit kjekt avbrekk frå både julefilmar, familieselskap, leik og moro eller kva du enn gjer på i romjula.

Quizen er ikkje heilt som dei tidlegare versjonane. I år er det ikkje nødvendigvis første bokstav i svara vi er på jakt etter. Det kan vere fjerde, sjuande eller endå til 16. bokstav.

Uansett, bokstaven vi spør etter i kvart spørsmål er del av dagens løysingsord.

Når du meiner å vite løysingsordet, fyller du ut skjemaet nedst i saka. Og vipps er du med i daglege trekningar av ein NRK-sekk med litt julesnop. Svarfristen er klokka 23:59 kvar dag. Boksane «løysingsord», «namn» og «adresse» må alle fylle ut.

Av alle som sender inn rett svar i løpet av romjula og nyttårshelga, plukkar vi ut ein vinnar som får NRK-sekk, vårt populære NRK-krus og ein DAB-radio.

Lykke til.

Her er dagens quiz:

NB! I dag skal vi fram til ein kjent skikkelse frå ei forteljing skriven av Alf Prøysen.

  • 1) Fylkestinget vedtok i desember å gi ei øy fastlandssamband for 350 millionar kroner. Kva øy på fem bokstavar er dette? Vi skal ha første bokstav.
  • 2) Ein pæresort på seks bokstavar, som er forska fram på Leikanger, har teke verda med storm. Hugsar du namnet på sorten? I så fall treng vi femte bokstaven i namnet.
  • 3) I november fortalde NRK om ei kyrkje som gjorde drastiske grep for å gjere kyrkja meir bruksvenleg. Mellom anna bytte dei ut benkane med stolar og installerte nytt lys- og lydanlegg og ei IT-tavle. Kva kyrkje på ni bokstavar snakkar vi om? Vi skal ha niande bokstav.
  • 4) Mari Grønli (11) frå Førde fekk i april bystyret til å legge ned eit forbod mot å bruke noko på 15 bokstavar på nasjonaldagen. Det var verken bunad eller rømmegraut, men noko Mari frykta kunne hamne i naturen og havet. Kva vart forbode? Vi skal ha andre bokstav.
  • 5) Årets unge bonde 2018 vart kåra under Agroteknikk-messa på Lillestrøm i oktober. Vi skal ikkje fram til namnet på bonden, men namnet på kommunen han bur i. Vi skal ha siste av seks bokstavar i namnet.
  • 6) Ei grend i Balestrand har kjempa med nebb og klør for å byte kommune. Like før jul kom avgjerda frå departementet og svaret var ja. Kva grend på sju bokstavar snakkar vi om? Vi skal ha fjerde bokstav.
  • 7) – Dette er jo berre tull, sa ordførar Stein Robert Osdal (KrF) i sommar då ei av strendene i kommunen hans vart kåra til ei av dei dyraste i verda. Kva strand snakkar vi om? Vi skal ha den andre av 11 bokstavar.
  • 8) I Fjaler sit eit firma på ni bokstavar på eit domenenamn som sjefane i det nye vestlandsfylket ynskjer seg, vestland.no. Kva heiter dette firmaet? Vi skal fram til første bokstav.