Hopp til innhold

Her er dagens quiz – 28. desember

Finn fram penn og papir. No er det quiz-tid med NRK Sogn og Fjordane.

Julequiz 2018
Foto: Fotomontasje

Kvar dag, frå julaftan og fram til 1. nyttårsdag, gir vi deg ei lett blanding med spørsmål om smått og stort som har skjedd i Sogn og Fjordane gjennom året.

Det viktigaste hjelpemiddelet du vil trenge er penn og papir. Enkelte spørsmål kan også krevje litt ekstra av dei små grå, men det er berre eit kjekt avbrekk frå både julefilmar, familieselskap, leik og moro eller kva du enn gjer på i romjula.

Quizen er ikkje heilt som dei tidlegare versjonane. I år er det ikkje nødvendigvis første bokstav i svara vi er på jakt etter. Det kan vere fjerde, sjuande eller endå til 16. bokstav.

Uansett, bokstaven vi spør etter i kvart spørsmål er del av dagens løysingsord.

Når du meiner å vite løysingsordet, fyller du ut skjemaet nedst i saka. Og vipps er du med i daglege trekningar av ein NRK-sekk med litt julesnop. Svarfristen er klokka 23:59 kvar dag. Boksane «løysingsord», «namn» og «adresse» må alle fylle ut.

Av alle som sender inn rett svar i løpet av romjula og nyttårshelga, plukkar vi ut ein vinnar som får NRK-sekk, vårt populære NRK-krus og ein DAB-radio.

Lykke til.

Her er dagens quiz:

  • 1) I vår jubla Venstre for det dei meinte var ein viktig miljøsiger, medan lokalmiljøet i Gloppen frustrerte og kalla partiet distriktsfiendtleg. Bakgrunnen var at regjeringa vende tommelen ned for ei kraftutbygging. Kva vassdrag på 20 bokstavar skulle kraftverket ligge? Vi skal ha andre bokstav.
  • 2) Kristoffer Westvik Lofnes (Måløy), Jan Erik Hauge (Bremanger) og Tonje Torvanger (Sogndal) tok i haust VM-bronse i kokkekunst med det norske kokkelandslaget. I kva land vart meisterskapen arrangert? Vi treng den andre av ti bokstavar.
  • 3) Maren Hilde Verlo frå Utvik forsvarer dei norske fargane når Abu Dhabi arrangerer Special Olympics i mars neste år. Kva idrett på åtte bokstavar snakkar vi om? Vi vil ha sjuande bokstav.
  • 4) NRK-journalist Stian Sjursen Takle la i august ut på eit haikestunt som programleiar i Noreg Rundt. Hugsar du kva by han skulle haike til? Vi skal fram til den andre av seks bokstavar.
  • 5) I desember opna eit nytt forskingssenter i Sogndal. Kva er forkortinga til dette senteret? Vi skal ha den siste av åtte bokstavar.
  • 6) Lag, organisasjonar, kommunar, bedrifter og private samla har inn ti millionar kroner til ei ny maskin til røntgenavdelinga ved Lærdal sjukehus. Den vart teken i bruk no i desember, men kva forkorting på to bokstavar har denne maskina? Vi skal ha siste bokstav.
  • 7) Ein syklist frå Høyanger satsar mot toppidretten med ein pacemaker. Kva er etternamnet hans? Etternamnet er på fem bokstavar, og vi skal ha den andre.
  • 8) Flaumen gjorde stor skade i Luster i oktober. I ein av dei to hardast råka dalane tok elva med seg eit fjøs med fleire geiter. Kva er første bokstav i denne dalen på 12 bokstavar?
  • 9) I november fortalde NRK om ei rimeleg hektisk tid for ein ver frå Naddvik i Årdal. Hugsar du namnet på den største sjarmøren i ver-ringen? Namnet er på åtte bokstavar, og vi skal fram til den tredje.
  • 10) Frå 1. januar 2020 slår Jølster, Gaular, Naustdal og Førde seg saman til Sunnfjord kommune. I løpet av året har fleire politiske lokallag også slått seg saman. Vi skal fram til Sunnfjord Høgre sin første leiar. Ho er medlem i kommunestyre, fylkesting og fylkesleiar for partiet sitt kvinneforum. Vi skal ha åttande av ti bokstavar i etternamnet hennar.
  • 11) I haust kom boka om søskenparet Oddny og Magnar Kleiva frå Naustdal. Etternamnet til forfattaren bak boka er på ti bokstavar. Kva er namnet? Vi skal ha åttande bokstav.