Hopp til innhold

Her er dagens quiz – 27. desember

Finn fram penn og papir. No er det quiz-tid med NRK Sogn og Fjordane.

Julequiz 2018
Foto: Fotomontasje

Kvar dag, frå julaftan og fram til 1. nyttårsdag, gir vi deg ei lett blanding med spørsmål om smått og stort som har skjedd i Sogn og Fjordane gjennom året.

Det viktigaste hjelpemiddelet du vil trenge er penn og papir. Enkelte spørsmål kan også krevje litt ekstra av dei små grå, men det er berre eit kjekt avbrekk frå både julefilmar, familieselskap, leik og moro eller kva du enn gjer på i romjula.

Quizen er ikkje heilt som dei tidlegare versjonane. I år er det ikkje nødvendigvis første bokstav i svara vi er på jakt etter. Det kan vere fjerde, sjuande eller endå til 16. bokstav.

Uansett, bokstaven vi spør etter i kvart spørsmål er del av dagens løysingsord.

Når du meiner å vite løysingsordet, fyller du ut skjemaet nedst i saka. Og vipps er du med i daglege trekningar av ein NRK-sekk med litt julesnop. Svarfristen er klokka 23:59 kvar dag. Boksane «løysingsord», «namn» og «adresse» må alle fylle ut.

Av alle som sender inn rett svar i løpet av romjula og nyttårshelga, plukkar vi ut ein vinnar som får NRK-sekk, vårt populære NRK-krus og ein DAB-radio.

Lykke til.

Her er dagens quiz:

  • 1) I sommar fyrte Jølster-ordførar Oddmund Klakegg av den første salva for det største kraftverket i fylket siste 30 åra, Jølstra kraftverk. Markeringa fann stad i Førde, men kvar? Vi skal ha første av seks bokstavar.
  • 2) Kva er etternamnet på prosjektleiaren som i 2020 håpar å opne Harastølen hotell? Etternamnet er på ni bokstavar og vi treng den tredje.
  • 3) Kva festival på 16 bokstavar i Fjaler fekk fylkeskulturprisen for 2018? Vi skal fram til niande bokstav.
  • 4) NRK vitja i mai Eid vidaregåande skule. Der hadde nesten heile russekullet vaksinert seg for å gjere russefeiringa tryggare. Kva smittsam sjukdom på 21 bokstavar vaksinerte dei seg mot? Vi skal ha 14. bokstav.
  • 5) Det vart stong ut for A-laget i opprykkskampen, men for juniorlaget til Sogndal Fotball har året vore ein stor opptur som både norsk og skandinavisk meister. Vi konsentrerer oss om det siste og vil ha sjette bokstav i etternamnet på finalens einaste målscorar. Etternamnet har åtte bokstavar.
  • 6) Det er laga ein ny rapport om venta levealder for innbyggjarane i Sogn og Fjordane. Den viser at menn i ein kommune lever fire år lenger enn naboane på andre sida av ein lang tunnel. I kva kommune på seks bokstavar lever menn lengst? Vi skal ha siste bokstav.
  • 7) I haust lanserte Viktor Yttri og partiet hans ideen om å gje flyktningar førarkort. Dette vart seinare vedteke. Kva parti representerer Yttri? Vi treng den fjerde av 13 bokstavar.
  • 8) Kaien i Vetvika i Bremanger er ei av 71 gamle kaianlegg langs norskekysten som kan skifte eigarar. Kven, på ti bokstavar, er det som vil kvitte seg med desse? Vi skal fram til sjette bokstav.
  • 9) Forskarar og studentar på tokt i Sognefjorden fekk noko heilt spesielt i trålen sin i august. Kva gjenstand på fire bokstavar og 130 kilo drog dei opp? Vi treng andre bokstaven.
  • 10) Like før jul opna fylkesordførar Jenny Følling (Sp) ein 595 meter lang ny tunnel i Nordfjord. Kva heiter tunnelen? Vi skal fram til åttande av 19 bokstavar.