Hopp til innhold

Her er dagens quiz – 25. desember

Finn fram penn og papir. No er det quiz-tid med NRK Sogn og Fjordane.

Julequiz 2018
Foto: Fotomontasje

Kvar dag, frå julaftan og fram til 1. nyttårsdag, gir vi deg ei lett blanding med spørsmål om smått og stort som har skjedd i Sogn og Fjordane gjennom året.

Det viktigaste hjelpemiddelet du vil trenge er penn og papir. Enkelte spørsmål kan også krevje litt ekstra av dei små grå, men det er berre eit kjekt avbrekk frå både julefilmar, familieselskap, leik og moro eller kva du enn gjer på i romjula.

Quizen er ikkje heilt som dei tidlegare versjonane. I år er det ikkje nødvendigvis første bokstav i svara vi er på jakt etter. Det kan vere fjerde, sjuande eller endå til 16. bokstav.

Uansett, bokstaven vi spør etter i kvart spørsmål er del av dagens løysingsord.

Når du meiner å vite løysingsordet, fyller du ut skjemaet nedst i saka. Og vipps er du med i daglege trekningar av ein NRK-sekk med litt julesnop. Svarfristen er klokka 23:59 kvar dag. Boksane «løysingsord», «namn» og «adresse» må alle fylle ut.

Av alle som sender inn rett svar i løpet av romjula og nyttårshelga, plukkar vi ut ein vinnar som får NRK-sekk, vårt populære NRK-krus og ein DAB-radio.

Lykke til.

Her er dagens quiz:

  • 1) Kva heiter ordføraren i kommunen som i september trona øvst i ei NRK-undersøking over kommunane med dei lågaste kommunale avgiftene? Eit lite tips, kommunen er i Sogn. Vi skal fram til eit etternamn på sju bokstavar, og vi treng fjerde bokstav.
  • 2) Havila Holding i Fosnavåg på Sunnmøre investerer i både shipping, fiskeri, verftsindustri og eigedom. Holdingselskapet har også nytta 2018 til å satse vidare innan reiselivet og kjøpte eit hotell i Nordfjord. Vi vil vite kva hotellet heiter, eit namn på ni bokstavar. Vi jaktar den femte bokstaven.
  • 3) Regjeringa vil forby «pøbelgrana», men skogeigar Helge Kårstad i Bygstad vil kjempe for den. Kva heiter eigentleg den svartelista grana på ni bokstavar? Vi skal ha andre bokstav.
  • 4) Ein kameratgjeng frå Førde nytta sommaren til å sykle sørover til Paris. Dette var ikkje den første sykkelturen dei la ut på. I 2014 la dei ut på ein annan langtur, til ein stad på åtte bokstavar. Kvar? Vi skal ha første bokstav.
  • 5) I haust kom meldinga om at huset som ein amerikansk mangemillionær bygde i Olden for snart 100 år sidan, skal seljast. Kva namn, på 12 bokstavar, har dette huset? Vi skal ha første bokstav.
  • 6) Frå leilegheita på omsorgssenteret har Norvald Tveit skrive ein roman om det å vere annleis på ein liten stad. Hovudkarakteren i boka er Sylfest. Tittelen på boka har fire bokstavar. Kva er tittelen? Vi skal ha første bokstav.
  • 7) Den første heilelektriske turistbåten vart i mai sett i rute på ein fjord på 12 bokstavar. Kva fjord skal vi fram til? Vi vil ha femte bokstav.
  • 8) Simon Malkenes frå Florø starta ein høglydt debatt om Oslo-skulane, men har no flytta attende til heimfylket. Kva kommune på ni bokstavar busette han seg i? Vi skal ha andre bokstaven.