Hopp til innhold

Her er dagens quiz – 25. desember

Har du lyst å fôre dei små grå litt medan pinnekjøttet står på komfyren? Eller treng du ein pause frå julefilmar på TV eller leik og moro i desembersnøen? NRK Sogn og Fjordane serverer deg ein quiz kvar dag gjennom romjula og nyttårshelga.

Romjulsquiz NRK Sogn og Fjordane 2016
Foto: Blom/Scanpix, Vedvik, Nygård/NRK, Brugrand/NRK, Haugen/Fjalerfilm, Landsverk/NRK, Kleiven

Quizen er ei ganske lett blanding, der storparten av spørsmåla er knytte til Sogn og Fjordane, kommunane i trivselsfylket og personar som har tilknyting til fjella og fjordane våre.

Set deg gjerne saman med nokon, finn fram penn og papir – og du er klar.

Notèr ned første bokstaven i svaret, og alle bokstavane blir til eit løysingsord. Det sender du inn i svarboksen nedst på sida.

Vi plukkar ut ein vinnar kvar dag. Desse får ein kopp med litt julegodis i posten. Av alle dei som sender inn rett svar i løpet av romjula og nyttårshelga, plukkar vi ut ein vinnar som får ein DAB-radio.

Er du klar? Her er dagens quiz:

  1. Gaular-selskapet vann på seinsommaren i år konkurransen om å få frakte losar til og frå fartøy som skal til land ved dei største oljeterminalane langs norskekysten. Kva heiter selskapet?
  2. Politiet slo utbåtalarm etter vitneobservasjonar 21. mars i år. Men i kva fjord var det folk meinte dei hadde sett ein ubåt med periskopet oppe?
  3. 20 år etter at Stian Grimseth tok EM-gull på norsk jord stod han i mai i år i bresjen for eit nytt EM i Norge. I kva idrett?
  4. Kva plass kom Sogndal på i årets eliteserie i fotball? Skriv svaret med bokstavar.
  5. Både Hellbillies, Vassendgutane og amerikanske Sweethearts of the Rodeo stod på hovudscena under årets festival. Kva heiter den?
  6. Uvêr førte i januar til ein langvarig straumstrans ved Hydro sitt anlegg i Årdal. Hugsar du namnet på uvêret?
  7. Vilde Hjelle og Anna Naustdal frå Eid vann i haust MGP-junior med sin låt "Vestlandet". Over kva fjell køyrde dei då ideen til songen dukka opp?
  8. Tidlegare i år vart det starta opp ein privatskule i Fjaler. Fullfør namnet til skulen, Fjaler?
  9. To nordfjordingar er trenarar for det norske kvinnelandslaget i langrenn. Ein av dei er frå Gloppen. Veit du kva han heiter til førenamn?
  10. Fotballspelaren frå fylket er på lista over dei som har spelt flest kampar for Brann gjennom tidene. I haust vart han først dumpa av klubben, før han ein månad seinare fekk skrive ny kontrakt. Kven snakkar vi om? Vi vil ha førenamnet.
  11. Målrock-publikummet tok heilt av då tenåringsidola Marcus & Martinus spelte i Meieriparken i august. Men veit du kva fylke brørne kjem frå?
  12. Over 2000 studentar stod i sommar på venteliste ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Ei utdanning i Førde hadde 650 studentar på venteliste. Fekk du med deg kva studium det var?

Fristen for å sende inn rett svar er ved midnatt same dag som quizen er lagt ut.

Om du ikkje får skjemaet til å fungere kan du sende løysingsordet saman med namn og adresse til konkurranse.sfj@nrk.no

Lykke til!