Hopp til innhold

Her blir Svarstad "torturert"

I tre romjulstimar spelte Bremanger-ordføraren torturoffer under innspelinga "Operasjon kvit snø".

Kåre Olav Svarstad vert "torturert" under filminnspeling.
Foto: Snapshot, Firework

- Det var kjekt å få oppleve filminnspeling på denne måten. Eg har ikkje sett det sjølv endå, men dei seier at det såg bra ut, seier Kåre Olav Svarstad.

- Svarstad imponerte

I romjula la han politikken og Terra-saka til sides og blanda familiekos med tre timar som skodespelar i kortfilmen  "Operasjon kvit snø" . Det var ikkje noko kva som helst rolle Svarstad fekk tildelt.

- Han var utruleg sporty og spelte torturoffer. Tilgrisa med sminke sat han i eit bitande kaldt hus og vart "torturert" i tre timar. Han gjorde heimeleksa si og kunne replikkane utanatt. Veldig profesjonelt, fortel produsent Svein Arild Vatsø i Firework.

Politiet set klar til å storme hus i Bremanger.

'Politiet' set klar til å storme hus i Bremanger.

Foto: Snapshot, Firework

Blir torturert

I alt 14 skodespelarar deltok i filmen. Rolla til Svarstad set inne med vital informasjon om leiaren til den organiserte ligaen Antimateria. Ligaen distribuerer våpen, kokain og andre illegale stoff frå eit gamalt hus som dei har okkupert i bygda.

- Svarstad blir i filmen torturert over eit par dagar. Huset var så kaldt at han skalv. Difor såg det også ekstra realistisk ut, fortel Vatsø.

- Realistisk film

Sogndølen Daniel Volle har regien på filmen. Innspelinga byrja fredag 28. desember. Søndag 30. desember stod berre att å filme nokre oversiktsbilete frå Bremanger. I løpet av februar vonar filmgjengen å vise kortfilmen på åtte til ti minutt til sambygdingane.

- Vi er veldig nøgde med innspelinga. Eg trur det blir ein realistisk film. Det var ein del folk som reagerte på settet og nokre som snudde seg på vegen, seier Vatsø.

- Kan vere byrjinga på noko stort

Kåre Olav Svarstad, ordførar i Bremanger

Bremangerordføraren slik vi kjenner han.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Svarstad har ikkje fått tenkt så mykje på premieren.

- Eg reknar nesten med at dei finn på noko sprøtt då også. Eg har sett ein del filmar dei har gjort før og det ser verkeleg ut. Kanskje kan dette vere byrjinga på noko stort for dei, seier han. Sjølv har han ikkje ambisjonar om å gå skodespelaryrket nærare i saumane.

- Nei, der har eg ingen ambisjonar, ler han.