– Her inne har det aldri vore folk før, men no er det plutseleg blitt ein stor hall. For meg er det litt uverkeleg, litt stilig og eg er litt audmjuk. Det er heilt fantastisk, seier grunneigar Geir Helge Østerbø.
8.000 husstandar
For etter å ha venta i over 100 år på utbygginga av det svære kraftanlegget på sørsida av Sognefjorden, kan bygdefolket konstatere at arbeidet er i full gang. Investeringa er på nær 700 millionar kroner og skal gi straum tilsvarande 8.000 husstandar.
Kraftverket skal eigast av Sogn og Fjordane Energi og BKK i fellesskap.
– Vi har drive kring tre kilometer tunnel, og skal godt og vel fem og ein halv kilometer før vi er ute i inntaksområdet. I tillegg har vi to andre tunnelprosjekt som på sikt skal knytast til, fortel produksjonsleiar i Skanska, Tommy Dahl.
Store ringverknader
Over 30 personar er i sving med å drive ut dei mange kilometerane med tunnelar til elvane og fjellvatn over 600 meter lenger oppe. I fjellet er ein enorm fjellhall ferdig utskoten.
Betongpilarane som skal omkranse kraftstasjonen er støypte, men framleis står det att eit par år med arbeid før kraftutbygginga står ferdig.
– Dette betyr mykje for fylket og samfunnet, og er veldig spennande å få vere med på, seier Dahl og får samtykkande nikk frå Østerbø.
– Det er over 100 år sidan fallrettane vart selde. No som det blir realisert, er det om å gjere for oss grunneigarar å rake litt av lasset kvar gong slik at det ligg att nokre millionar i bygda.
Avtale frå 1911
Og grunneigarane har fått sin del av kaka. Tilbake får dei mellom anna tilgang til ein sju kilometer lang veg frå fjorden og opp dei stupbratte fjellsidene til kraftuttaket vel kring 600 meter lenger oppe.
– For oss grunneigarar ligg det nokre avtalar som vart skrivne i 1911 om frikraft og litt økonomisk kompensasjon, men i tillegg får vi ein veg som utløyser fjellområda våre på ein heilt annan måte, seier Østerbø.