Hopp til innhold

Her blir helten heidra

I samband med opninga av den nye rulleskiløypa til Markane IL i helga, fekk Tarjei Bø heider frå heimkommunen Stryn og moderklubben Markane IL. – Eg er stolt over å ha han som innbyggjar i Stryn kommune, seier ordførar Nils P. Støyva.

Då Markane IL søndag opna si heilt nye rulleskiløype, som har kosta nær seks millionar kroner, var det med ein heimvendt son som eit av trekkplastera. Tarjei Bø vart heidra for fjorårets jubelsesong, som inneheldt både å bli verdsmeistar tre gonger og vinnar av den totale verdscupen samanlagt.

Stolt ordførar

Ordførar i Stryn kommune, Nils P. Støyva, seier han er stolt over det Tarjei Bø har fått til.

– Han er eit viktig merkevarenamn og framstår på ein fin og god måte. Han markerar både Markane IL og Stryn veldig bra, og han er ein idrettsutøvar som heile fylket bør vera stolte av.

22-åringen har hatt ein eventyrleg sesong, og kruna det heile med å vinna verdscupen samanlagt etter å ha blitt nummer åtte det siste rennet i Holmenkollen den 20. mars.

Travelt æresmedlem

- Dette er eit ærefullt oppdrag som eg set pris på, og bana er ekstremt viktig for alle unge her, sa Tarjei Bø til Sunnmørsposten etter at snora var klypt.

Bø, som kom rett frå treningssamling på Sognefjellet, vart utnemt til æresmedlem i Markane IL av leiar i idrettslaget Eldbjørg Hatledal.