Hopp til innhold

Har gått inn millionar i vinter

Verdscupvinnar Tarjei Bø har ikkje berre fått pokal, medaljar og blomar. Vinterens innsats i skisporet har også gjort stryningen til millionær.

Tarjei Bø

GLAD STRYNING: Tarjei Bø jubla etter å ha sikra seg samanlagtsigeren i verdscupen søndag. Det gav også økonomisk gevinst.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Berre i reine premiepengar har 22-åringen gått inn nær1,7 millionar kroner etter kanonsesongen i skiskyting.

480.000 kr i VM

NTB har summert pengepremiane frå verdscupen og VM i Sibir, skriv Bergens Tidende. Ifølgje avisa gjekk Bø inn 480.000 kroner berre i VM. Av dette var 205.000 kroner medaljebonus frå forbundet.

Bø si merittliste omfattar:

  • Tre gull og to bronse i VM
  • Vinnar av verdscupen
  • Vinnar av sprintcupne, jaktstartcupen og nasjonskampen
  • Fem sigrar i verdscupen
  • Topp seks-plassering i 20 av 26 verdscuprenn.

Årsløn: Over 3 mill.

Berre i avslutningshelga i Oslo rann nye 350.000 inn på konto. 275.000 av desse er premie for samanlagtsigeren i verdscupen.

I tillegg til premiepengane kjem bonusar frå sponsorane. Ifølgje NTB kan Tarjei Bø truleg heve ei årsløn på til saman vel 3 millionar kroner.

Det dryp på sponsorane

Og det er ikkje berre Tarjei Bø personleg som nyt godt av suksessen. Også sponsorane har fått mykje valuta for pengane i jubelsesongen.

Nordfjord Kjøtt som har hatt logoen sin på børsa til skiskyttaren, kan truleg tene gode pengar på suksessen.

– Dette har verdi fordi eksponeringa av reklamen gjer det meir truleg at folk vil føretrekkje dette produktet framfor andre, sa reklameekspert Hans Mathias Thjømøe til NRK.no i førre veke.