– Vi tar fram ei naturleg perle. Det er ikkje mange stadar som har tilsvarande strand som dette. Finn fram speedoen. Dette er eit område som vil bli mykje brukt, meiner næringssjef i Gloppen kommune, Knut Roger Nesdal.
Både små og store er i sving for å forvandle eit ruskete område til ei badeperle midt i Sandane sentrum. Steinar blir plukka, blomster blir planta og naust blir restaurert.
– Det var ei fjære som ingen eigentleg har brukt, og eit litt stengt område tilknytt eit gardsbruk. No ønskjer grunneigaren at dette skal bli tilgjengeleg for alle mot at kommunen lagar det til.
Den vesle badeidyllen ligg rett nedanfor Gloppen hotell.
– Eg vil tru at dette vil bli det vakraste området i Sandane sentrum og eit område som vil bli bevart for evig.
Mykje att for pengane
Badestranda skal kunne auke trivselen for både besøkande og fastbuande, meiner Nesdal. Det var Firda Tidend som først nemnde stranda.
– Det er eit nytt trivselskonsept i trivselskommunen Gloppen. Dette er eit tiltak som vil kunne glede alle besøkande i Sandane.
På Sandane er det oppgraderte området eit spleiselag mellom det lokale næringslivet. Etter kvart kom Gloppen kommune på bana og fullfinansierte prosjektet.
– Det er nesten sånn at det går an å sei at det ikkje kostar noko som helst. På dette tiltaket brukar vi nær 650.000 kr. Vi brukar meir pengar på å skrive ein rapport om cruisekai i Sandane sentrum, så eg tykkjer vi får mykje meir att for pengane ved å bruke dei her, seier Nesdal.
Klar i juni
Ei som gjerne ville gjere området enda finare er Gunnhild Skinlo. Skinlo slår eit slag for både bær, frukt og blomar.
– Eg ser på det som miljøskapande viss ein kan ha bær og frukt til å smake på. Om det blir koseleg vil folk bruke det. Det blir eit felles trivselstiltak.
Blir ein i det romantiske hjørnet, trur Skinlo at eit pæretre vil gjere susen.
– Her kan ein til og med gøyme seg bak eit pæretre for å kose seg litt.
Næringssjef Nesdal kan i hvert fall love blomar.
– Blomar skal det bli mykje av.
Frå midten av juni skal badeidyllen med blomar og bær vere klar for yrande folkeliv.