Hopp til innhold

Her blir det nattestengd i to veker

I samband med vegarbeid blir E39 nattestengd mellom Bogstunnelen og krysset E39/fylkesveg 93 i Høyanger dei neste to vekene.

Stengd ved Bogstunnelen på E39

STENGD: Vegen blir heilt stengd nesten kvar natt i to veker framover. Det stengde partiet er markert med raude kryss.

Foto: Statens vegvesen

Årsaka til stenginga er bygging av nye møteplassar og utbetring av eksisterande veg.

– Dette arbeidet let seg vanskeleg gjere med trafikk på vegen, opplyser Statens vegvesen.

Vegen vil bli stengd i tidspunktet 23:00 til 06:00, frå måndag 20. august til laurdag 25. august, og frå måndag 27. august til laurdag 1. september.

Det er skilta omkøyringsveg ved Vadheim, Lavik ferjekai og Sande. Omkøyringsvegen er fylkesveg 57 om Dale.