Hopp til innhold

Her betaler du mest i avgifter

Bur du i Gaular, må du ut med over dobbelt så mykje i kommunale avgifter som i Årdal.

Bygstad i Gaular kommune

DYR KOMMUNE: Ifølgje ferske tal frå Huseiernes Landsforbund har Gaular kommune dei høgaste kommunale avgiftene i fylket. Biletet syner Bygstad sett frå Storehesten.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Bur du i vesle Gaular kommune, må du ut med heile 15.344 kroner i kommunale avgifter i året.

Bur du derimot i industrikommunen Årdal, slepp du unna med 7179 kroner i året.

Med andre ord: Det er dobbelt så dyrt i Gaular samanlikna med Årdal.

- Treng samarbeid mellom kommunar

Skilnadene mellom norske kommunar er nemleg store, syner ei undersøkjing gjennomført for Huseiernes Landsforbund.

Ifølgje statistikken er det langt dyrare å bu i små kommunar samanlikna med dei største kommunane.

- Når nokre småkommunar har meir enn tre gongar så høge avgifter som nokre større kommunar, er det eit tydeleg teikn på enorme stordriftsfordelar. Her treng vi kommunesamanslåing eller interkommunalt samarbeid snarast, seier administrerande direktør Peter Batta Huseiernes Landsforbund til VGnett.

Gaular mellom landets dyraste

Det er Statistisk sentralbyrå som har henta inn tala på oppdrag frå HL. Dei er baserte på kommunane sine eigne innrapporteringar i databasen Kostra.

I Sogn og Fjordane er det store skilnader mellom kommunane. På stader som Årdal, Flora, Naustdal og Sogndal er dei kommunale avgiftene relativt låge.

Ifølgje statistikken har avgiftene falle med heile 18,1 prosent i Førde frå fjoråret.

Paradoksalt nok er nabokommunen Gaular den dyraste kommunen i fylket. Med over 15.000 kroner i året i kommunale avgifter er kommunen samstundes mellom dei aller dyraste i landet.

Sjekk din kommune her:

Kommunale avgifter i Sogn og Fjordane

Askvoll

10594

Aurland

9674

Balestrand

9736

Bremanger

10859

Eid

10288

Fjaler

11054

Flora

8629

Førde

10286

Gaular

15344

Gloppen

10893

Gulen

9923

Hornindal

12848

Hyllestad

10071

Høyanger

9759

Jølster

11933

Leikanger

12344

Luster

10470

Lærdal

9163

Naustdal

8114

Selje

10887

Sogndal

9601

Solund

10830

Stryn

9189

Vik

9730

Vågsøy

12340

Årdal

7178

Ekspander/minimer faktaboks

Tabellen syner kor mykje kommunane krev i kommunale avgifter - det vil seie avgifter for vatn, kloakk, renovasjon og feiing, men seier ingenting om eventuell kommunal eigedomsskatt.

Du finn meir detaljert oversikt over dei kommunale avgiftene her.