Hopp til innhold

Henta ned frå fjellet i helikopter

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Sundag ettermiddag måtte ein mann i 20 åra bergast ned frå fjellet på Høyanger Sørside. Det var mannen sjølv som varsla om at han trengde hjelp seier Hans Petter Harlem, som er operasjoneleiar ved Sogn og Fjordane Politidistrikt.

640 meter over havet.

- Mannen som ikkje var lokalkjend i området hadde vore på fjelltur. På veg ned igjen har han bomma på stien og blei sittande fast på ei fjellhylle 640 meter over havet.

- Helikopter einaste løysinga

Harlem seier at området var så bratt og ulendt at den einaste måten å få mannen ned igjen på var med helikopter, og klokka 18.22 var mannen nede igjen i god behald.