Hopp til innhold

Henta med helikopter frå hurtigruta

Ei kvinne vart søndag føremiddag henta frå hurtigruta «Vesterålen».

Ho hadde falle og slege hovudet sitt, og trengde difor medisinsk hjelp.

– Eit Sea King-helikopter frå Florø vart sendt ut til hurtigruta som var ved Buefjorden utanfor Værlandet, seier redningsleiar Erik Willassen ved Hovudredningssentralen på Sola.

Kvinna vart frakta til Haukeland universitetssjukehus.