Hopp til innhold

Fekk sølv i junior-NM

Johan Eirik Meland fekk sølv på normaldistansen i klasse M19 i junior- NM.

Johan Eirik Meland

FEKK SØLV: Johan Eirik Meland fekk sølv i NM fredag.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det vart sølvmedalje på Johan Eirik Meland frå Markane idrettslag i junior NM i Sirdal fredag.

Her kan du lese meir om junior-NM

Gler seg over sølv

Det var på normaldistansen han kom på andreplass, medan klassevinnaren vart Martin Femsteinevik frå Hålandsdal IL.

- Han har slite litt i år og det er flott at han fekk det til denne helga her, seier Monica V. Halsteinlid i Markane IL.

Ho er ikkje overraska over at Meland tok sølv.

Viktig for rekrutteringa

- Vi har vel eigentleg berre venta på han skal klare det. Han har jo gjort det vedig bra før, seier ho.

For rekrutteringa til sporten er alle medaljer viktige.

- Vi opplever at vi har god rekruttering og at miljøet er godt. Dei som får medaljer er til inspirasjon for dei yngre.

I dag er fleire av utøvarane frå Markane Idrettslag med på sprint i Sirdal.

- Vi håpar at dei gjer det bra i dag og, seier Halsteinlid

Fredag gjekk Jarle Midthjell Gjørven inn til ein femteplass i klasse M20-21.