Hopp til innhold

Helte 25 liter diesel i sjøen

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Personar gjorde skadeverk under Veikingkonvoien på ei øy utanfor Florø.

Ved 02.30-tida fekk politiet i Florø melding om at nokon hadde losna ein båt frå ei privat flytebrygge på Fanøy.

I tillegg var det helt ut omlag 25 liter diesel i sjøen. Det var i natt mange folk og båtar på Svanøy i samband med den årlege Veikingkonvoien.

Operasjonsleiar Nils Erik Eggen seier til firda.no at dei har varsla Alarmsentralen Sogn og Fjordane og Kystverket som skal vurdere om reinsking på til.

Forholdet er meld til politiet, men det er førebels ingen mistenkte i saka.