Hopp til innhold

Helse Førde snakkar med naboane

Helse Sunnmøre og Helse Førde diskuterer om dei skal samarbeide.

Nordfjord Sjukehus

Det er kamp på kvar side av fylkesgrensene om kva sjukehustilbod som skal ligge på kvar enkelt sjukehus. Nordfjord sjukehus risikerer å miste tilbod om det vert samarbeid mellom Helse Sunnmøre og Helse Førde.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Informasjonssjef i Helse Førde, Arne Eithun, stadfestar at det er kontakt mellom

Arne Eithun

Arne Eithun, informasjonssjef i Helse Førde.

Foto: NRK
Ordførar i Eid kommune, Sonja Edvardsen, på styremøtet i Helse Førde

Ordførar i Eid kommune, Sonja Edvardsen, på styremøtet i Helse Førde

Foto: Cosmin Cosma / NRK
Fakkeltog for Volda sjukehus

Folk i Volda engasjerer seg for sjukehuset sitt, og vil ikkje miste tenestene dei har.

Foto: Håvard Karlsen
Folkemøte om Nordfjord sjukehus

Folk i Nordfjord engasjerer seg også for å verne om sjukehustilbodet sitt.

Foto: Mathias Oppedal
Nils R Sandal, Arve Helle og Sonja Edvardsen på folkemøte om Nordfjord sjukehus

Det er blitt arrangert fleire møte om sjukehusa i fylket. Her frå Eid. Frå venstre Nils R Sandal, Arve Helle og Sonja Edvardsen på folkemøte om Nordfjord sjukehus

Foto: Mathias Oppedal / NRK
Nordfjord Sjukehus

Nordfjord sjukehus

Foto: Ottar Starheim / NRK
Sjukehuset i Volda

Sjukehuset i Volda

Foto: NRK

Helseføretaka.

Vil ikkje røpe noko

- Det kan eg seie fint lite om, seier Eithun.

Helse Førde og Helse Sunnmøre diskuterer no om dei skal samarbeide meir på tvers av fylkesgrensene.

Og fleire aviser spekulerer i at akuttberedskap og fødetilbod i Nordfjord kan bli lagt til Volda sjukehus.

Samarbeid?

Sunnmørsposten og Fjordabladet spekulerer i at eit samarbeid mellom Helseføretaka over regiongrensene kan føre til at akuttberedskapen og fødetilbodet for Søre Sunnmøre og Nordfjord blir lagt til Volda, medan rusomsorga og psykiatrien blir lagt til Eid.

Uroleg over samtalane

- Det er veldig urovekkjande, det skal det ikkje vere tvil om, seier ordførar i Eid Sonja Edvardsen.

Ho meiner det ikkje er mogleg å fjerne fleire funksjonar ved lokalsjukehuset.

- Det er tryggleiksbasen her, og slik eg har oppfatta det slik eit desentralisert sjukehustilbod skal vere.

Klart når strategiplanen ligg føre

Sjølv om Eithun ikkje vil seie noko om innhaldet i samtalane dei har med Helse Sunnmøre, fortel han at det er i samband med strategiarbeidet som helseføretaket arbeider med at dei er dialog med dei.

- Det er naturleg at vi har dialog og kontakt på tvers av grensene fordi vi arbeider med strategiarbeidet. Men kva som kjem ut av dette vil ikkje vere klart før strategiarbeidet er ferdig, seier han.