Årsaka er mellom anna at dei trur medlemmer i Union MC er i ferd med å slå seg saman med motorsykkelklubben Hog Riders.
Hog Riders MC flytta i fjor ut av sine gamle lokale i Gravdalsveien og inn i eit gammalt fabrikkbygg i Kjøkkelvik.
Med på flyttelasset var fleire av medlemmane i Union MC, og politiet trur no ein Hells Angels-sympatiserande klubb er i ferd med å etablera seg.
Kriminell bakgrunn
Hells Angels vert av politiet karakterisert som ein kriminell bande. I Bergen har ein kjempa i fleire år mot at klubben skal etablere seg i byen.
For to veker sidan arrangerte Hog Riders vinterfest. Det var omlag 400 gjestar tilstades, blant anna medlemmar frå Bandidos og Hells Angels.
Politiet var tilstades på festen for å sjekka identiteten til gjestane. Heile 45 prosent av dei 200 personane politiet kontrollerte har vore involvert i kriminell aktivitet.
Lensmann i Laksevåg, Harald Andersen seier til Bergens Tidende at han ikkje finn det overaskande at så mange hadde kriminell bakgrunn.
- Folk som samlast på slike festar har samanfallande interesser, seier han
Kjenner seg ikkje att
Medlemmar i Hog Riders kjenner seg ikkje att i politiet si skildring av dei som ein gjeng kriminelle og karakteriserar seg som vanlege familiefolk som har arbeid og gjer opp for seg.