Hopp til innhold

Han har sprunge 7.932.660 meter maraton i karrieren

Milslukaren Helge Hafsås frå Olden sprang i helga sitt 188. maraton, då han vann Jølster Maraton. Han har absolutt ingen planar om å leggje opp.

Helge Hafsås i ensom majestet

VANN IGJEN: Helge Hafsås var igjen best i Jølster Maraton. Han set stor pris på å vere med på lokale maratonløp. (arkivfoto)

Foto: Alf-Jørgen Tyssing

Den sindige nordfjordingen har nemleg sett eit klart mål for karrieren.

– Eg kjem ikkje til å leggje løpeskoa på hylla enda, eg må vel i alle fall opp i 200 maraton før eg gjev meg, seier Hafsås til NRK.

Usikker på sigrar

Laurdag var han nok ein gong best av alle under tradisjonsrike Jølster Maraton. Han vart klokka inn til tida 2:42:47, og slo klart både yngre og eldre konkurrentar i løpet.

Men kor mange gonger han har vunne Jølster Maraton er han noko usikker på.

– Eg trudde det var 11 gonger eg hadde vunne, men så høyrde eg snakk om 12, så no vart eg litt usikker. Det er i alle fall 11, ler Hafsås.

Trenar mykje

I sitt 45. år meiner han at formen ikkje er slik den ein gong var, og at sjølv han tidvis manglar motivasjon for å kome seg ut på vegen.

– Men eg prøver no å trene sånn nokonlunde. Nokre kilometer kvar dag blir det jo enda slik at det hjelper samvittigheita. Det er jo ikkje bra om ein står over for lenge, meiner maratonmannen.

Eidar har rekorden

Sjølv om Helge Hafsås etterkvart har sprunge 188 maraton, som blir 7.932.660 meter, er han langt unna noregsrekorden.

Inge Asbjørn Haugen frå Eid har nemleg kring 410 gjennomførte maratonløp, og gjennomførte laurdag Jølster Maraton på 5:39:12.