Hopp til innhold

Heimbygda gjer stas på dramatikaren – gjer Fosse bedehus om til Jon Fosse-hus

Den mest spelte noverande dramatikaren i verda får eit eige hus til heider og ære. – Det er ein strålande god idé, seier Jon Fosse sjølv.

Forfattar Jon Fosse, 2019.

FÅR EIGE HUS: Forfattar og dramatikar Jon Fosse er oppvaksen to hus unna bedehuset i Hardanger.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

– Her skal det skje mykje i Jon Fosse si ånd, seier Åse Ljones stolt, etter å ha signert kjøpskontrakten og gitt blomar til seljaren.

Ljones er leiar i Jon Fosse-stiftinga, og seier ho har sikla på bedehuset på Fosse i Hardanger lenge. No gler ho seg til å syne fram både avisartiklar, plakatar, kunst og førestillingar.

I tillegg ønsker dei å bygge opp både eit arkiv og tilby skrivestove til gjesteforfattarar.

Bedehuset i Kvam herad har vore i bruk sidan midten av 1950-talet.

No skal Jesus bytast ut med ein annan som folk forgudar, nemleg Jon Fosse.

Fosse bedehus blir Fosse-huset

NØGDE: F.v. Anne Marie Bogetveit frå Fosse Indremisjon og Åse Ljones i Fosse-stiftinga. No skal Jesus-biletet i bakgrunnen ned.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Let korset stå litt til

Også bedehusfolket er begeistra for dramatikaren.

– Vi kjem nok til å komme og slite litt på stolane, for Jon Fosse har ein eigen plass i hjarta våre, seier Anne Marie Bogetveit frå Fosse Indremisjon.

Ho fortel at årsmøtet vedtok å selje huset til Fosse-stiftinga til taksten på 500.000 kroner, utan å legge det ut på den opne marknaden.

Medan Jesus-biletet over scenen no må vike, skal korset ved inngangsdøra få vere der ei stund til, etter førespurnad frå ein eldre bedehusgjengar.

– Vi tek litt omsyn og gjer det gradvis om til Fosse-huset, seier Ljones.

Jon Fosse hus

SELD: Fosse bedehus blir no til Fosses hus. Korset skal få stå litt til.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

– Ein strålande god idé

Fosse sjølv er nøgd med huset. Han er oppvaksen to hus bortanfor, og særleg bestemora hans var svært engasjert i bedehusmiljøet.

– Eg syns det er ein strålande god idé. Sjølv om eg er der sjeldan eller aldri, er eg grunnleggande knytt til Fosse og Strandebarm, seier dramatikaren til NRK.

Det er ikkje mykje som må på plass før det skjer ting i Fosse-huset.

Allereie neste helg, ei dryg veke etter signinga, blir det framføring av førestillinga «Blått svev» på laurdag, og eit bokbad om Septologi-bøkene på søndag.

Gjer folk ein plass å gå til

Ordførar i Kvam, Torgeir Næss, kjem frå same bygd som Fosse, og var medlem i Fosse-stiftinga før han tok på seg ordførarkjeda i 2019. Han har lese verk av Fosse sidan 1990, og er begeistra over signeringa.

Torgeir Næss

FOSSE-FAN: Torgeir Næss er ordførar i Kvam herad, som har løyva pengar til huskjøpet.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

– No får folk ein plass å gå til når ein skal gjera seg kjent med forfattarskapen til Fosse, seier Næss.

Formannskapet har løyvd 300.000 kroner til kjøpet av bedehuset, medan Sparebanken Hardanger har gitt 100.000 kroner.

Ordføraren håpar husprosjektet gjer at fleire får augo opp for strandebermingen.

Dei seinare åra har Fosse blitt sett på som ein av favorittane til å vinne Nobelprisen i litteratur.

– Eg syns ikkje det går an å vite nok om Fosse og hans forfattarskap, seier Næss.