Hopp til innhold

Kven vinn årets Nobelpris i litteratur og 10 millionar kroner?

Det er mange favorittar til å vinne årets Nobelpris i litteratur. Fleire håpar at prisen ikkje går til ein europeisk forfattar i år.

Video Nobelprisen i litteratur offentliggjøres

NOBEL: Kven vinn årets nobelpris i litteratur?

Foto: Nyhetsspiller

I dag deles Nobelprisen i litteratur ut. Det er knytt mykje spenning og spekulasjonar rundt kven som vil stikke av med prisen.

Det er jo verdas viktigaste pris, pengar får du jo og, seier Cathrine Krøger, som er litteraturkritikar i Dagbladet.

I tillegg til å få ein stor mynt med bilde av Alfred Nobel, får vinnaren og ein sum på 10 millionar svenske kroner.

På grunn av pandemien vil prisvinnaren ta imot prisen i sitt heimland. Den har blitt delt ut kvart år sidan 1901, med få unntak.

Nobelprisen i litteratur deles ut

NOBELPRIS: Vinnaren kunngjerast kvart år i Stockholm, men på grunn av pandemien vil prisvinnaren ta i mot prisen i heimlandet.

Foto: KARIN WESSLEN

Europeisk skeivheit

I utgangspunktet kan alle forfattarar i heile verda vinne Nobelprisen i litteratur – men det er stort sett ein europear som stikk av med sigeren. Gjennom prisen si historie, har berre 35 ikkje europearar fått prisen, mot 90 europearar.

Faktisk så har Frankrike aleine fått prisen fleire gongar enn Afrika, Asia og Oseania til saman. Sverige har åtte prisar, kontinentet Afrika (med 1,2 milliardar innbyggarar) har fire.

Nobelprisen deles ut av den Svenska Akademien, ein komité beståande av 18 svenskar. Det har vore fleire skandalar rundt Akademien. Dei sat i utgangspunktet på livstid. I 2018, etter skuldingar om seksuell trakassering, vedtok Kong Carl Gustav at medlemmane kan forlate posisjonen sin. Rundt halvparten av komiteen vart etter det, bytta ut. Det er komiteen sjølv som vel nye medlemmar.

Les: Sju kontroversar frå Nobelprisen i litteratur.

– Ideelt sett burde det kanskje vore ein internasjonal komite. Dei som sit i komiteen deler gjerne det same synet på kva som er god litteratur. Då blir det gjerne ein Vesten-pris, sjølv om det skal vere ein internasjonal pris, seier Krøger.

Også litteraturkritikar i NRK, Anne Cathrine Straume, er einig i at det at tildelinga av prisen har vore skeivfordelt.

Den har ein slagside mot den europeiske. Viss det skal fortsette som verdas viktigaste litteraturpris, må ein ta innover seg at det må vere andre enn europeiske forfattarar som vinn.

Kenyansk storfavoritt

Det er mange forfattarar som er aktuelle for å vinne årets litteraturpris. Fleire av litteraturkritikarane som NRK har prata med, nemner den kenyanske forfattaren Ngugi wa Thiong’o, som favoritt til å stikke av med prisen.

Tidlegare i år kom hans debutroman «Ikkje gråt, barnet mitt» på norsk. Boka handlar om frigjeringskrigar, kjærleik og familieforhold.

– Han har ein svært rik og også politisk litteratur som har betydd mykje for mange både i Kenya, i Afrika generelt og for alle som er interesserte i gode historier, så han er ein verdig kandidat synest eg, seier litteraturkritikar Anne Cathrine Straume.

Likevel, skal ein vere forsiktig med vere å sikker på kven som kjem til å få prisen, ifølgje litteraturkritikar i Morgenbladet, Frode Helmich Pedersen.

– Nobelprisen har vist gong på gong at den kan ikkje er veldig føreseieleg når det kjem til utdeling av pris. Det er nesten som om Akademien finn ein litterær kvalitet i å alltid bryte forventninga.

Sigrid Undset

1928: Var sist Noreg vann Nobelprisen i litteratur, den gong vann Sigrid Undset.

Foto: Nasjonalbiblioteket

Norsk håp

Det var i 1928 at ein norsk forfattar sist tok imot ein Nobelpris i litteratur. Då vann Sigrid Undset. Ho fekk prisen for skildringar av middelalderen. Hennar mest kjende verk er trilogien om Kristin Lavransdatter, som skildrar livet i 1300-talet.

– Det hadde vore utruleg gøy om det gjekk til ein norsk forfattar i år. Det vil kunne gi eit auka fokus på norsk litteratur, om en nordmann får prisen, seier leiar i Forfattarforeninga Heidi Marie Kriznik.

Jon Fosse

NORSK: I år kan prisen gå til norske Jon Fosse.

Foto: Tom Kolstad / Samlaget

Spol rundt 100 år fram i tid, og Noreg har no ein ny sjanse til å få prisen. Av dei norske forfattarane er det Jon Fosse som er den heitaste kandidaten. Mellom anna kulturredaktør i den svenske avisa Expressen, peker på han som ein favoritt. Det same gjer Straume.

– Eg trur og håper at han vil få prisen, for han er ein særeigen forfattar som både har skrive dramatikk, poesi, romanar og han har eit heilt spesielt språk, som gjer at han er i ein særstilling innanfor litteraturen, så om han ikkje får den i år, så kan han jo få den eit anna år.

Her er nokre av dei forfattarane som nemnast som favorittar til å vinne årets pris:

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.