Kurt Heggestad
Kurt Heggestad har slite med å spele seg til fast plass på førstelaget til Sogndal, og no har han i lag med Sigbjørn Langaas, Tommy Knarvik, Kim Tangedal, Øystein Vetti, Steinar Tenden og Bjørge Fedje fått beskjed om at han ikkje er med i planane vidare.
Slå følgje med Bjørge Fedje?
Løysinga for Heggestad kan altså bli å slå følgje med Bjørge Fedje til 2. divisjonsklubben litt lengre inne i Sognefjorden.
Vil kanskje ta opp kampen
Men Kurt Heggestad har framleis to år igjen av kontrakten sin med Sogndal, og 23-åringen ser ikkje bort frå at han vil ta opp kampen og vise at han likevel kan vere ein mann for framtida.
Morten Wigum. Arkivfoto NRK
Avgrensa tal
Årdal-trenar Morten Wigum har vore i samtalar med Sogndal fotball om eit utvida samarbeid som følgje av slankinga i 1. divisjonsklubben, der minst seks spelarar har fått beskjed om at dei ikkje er med i framtidsplanane til Sogndal. Førebels er resultatet eittårs-kontraktkontrakt med målvakt Bjørge Fedje og samtalar om leige av Kim Tangdal, som også spelte for Jotun Årdalstangen FK i haust, og Kurt Heggestad. Økonomi og omsynet til eigen stall set grenser for kor mange av dei overtallige Sogndal-spelarane det er rom for i Årdal FK, seier Wigum.
Kan sikte høgare neste år
Og blir det kontrakt med ein eller fleire av Sogndal-spelarane ser Morten Wigum ingen grunn til å ikkje legge lista høgare enn årets sjuandeplass i 2. divisjon, når målsetjinga i sesongen 2006 skal setjast.