Hopp til innhold

Byrådet i Bergen har endra meining om nye smittetilfelle i Bergen

Verken FHI eller Helsedirektoratet har vore i kontakt med Bergen om å behandla alle nye smitta som omikrontilfelle. Helse Bergen kjem ikkje til å følgja innstramminga.

Haukeland universitetssykehus.

HAUKELAND: Kring 13.200 personar er tilsett på Haukeland universitetssjukehus.

Foto: Marit Hommedal / NTB

Siste: Byrådet i Bergen har endra meining om karantenereglene i Bergen. Dei vil ikkje leggje til grunn at alle nye smittetilfelle i kommunen er omikrontilfelle.

Torsdag 9. desember heldt byrådet i Bergen pressekonferanse om nye koronatiltak i byen.

Der vart tre tiltak lagt fram. Byrådsleiar Roger Valhammer sa at kommunen kom til å leggja til grunn at alle nye smittetilfelle i kommunen var omikrontilfelle. Dei skulle difor behandlast som omikrontilfelle fram til det motsette er bevist.

– I praksis betyr dette at alle som får påvist smitte i Bergen, så vel som deira nærkontaktar, frå og med i morgon, vil måtta følgja dei nasjonale isolasjons- og karantenekrava for omikronsmitte, sa Valhammer i går.

Dette har dei no endra meining om.

Av dei tre tiltaka som byrådet presenterte torsdag, var det berre det utvida munnbindpåbodet som er forskriftsfesta i den lokale forskrifta. No vart det også forskriftsfesta at husstandsmedlemmer og tilsvarande nære (som kjærastar) må i karantene i ti dagar, men kan teste seg ut etter sju dagar.

Men den største arbeidsgjevaren i Bergen, Helse Bergen, ville ikkje følgja kommunen sitt krav om å behandla alle nye tilfelle som omikron-varianten. Dei vil i staden følgja den nasjonale forskrifta.

– Me er nøydde til å sørgja for ein forsvarleg bemanning av alle våre tenester, seier fagdirektør Marta Ebbing i Helse Bergen til NRK.

Den bemanninga kunne blitt utfordra av dei meir omfattande karantenereglane som byrådet i Bergen la fram torsdag.

– Me ville fått eit stort mannefall som hadde gjort at me ikkje kunne halde ved lag tenestene våre. Me er nøydde til å tenkja på det, og avvega desse ulike risikoane mot kvarandre, seier Ebbing.

Dei vil i staden gjera ei vurdering i kvart enkelt tilfelle, slik den nasjonale forskrifta legg opp til.

Det var BA som meldte om Haukeland si avgjerd fyrst.

Marta Ebbing, helse Bergen

FØLGJER IKKJE: Av omsyn til bemanningssituasjonen kjem ikkje Haukeland til å følgja Bergen kommune si innstramming, seier fagdirektør i Helse Bergen, Marta Ebbing.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Ikkje i kontakt med Helsedirektoratet eller FHI

Bergen kommune var ikkje i kontakt med verken Helsedirektoratet eller Folkehelseinstituttet før dei kom med dei nye innstrammingane torsdag.

Helsedirektoratet har ikkje hatt nokon dialog direkte med Bergen kommune om dette. Me ser på at det er innanfor myndigheita til ein kommune å setja i verk lokale tiltak som er strengare enn dei nasjonale tiltaka, ut frå smittesituasjonen i kommunen, seier divisjonsdirektør Johan Torgersen i Helsedirektoratet til NRK.

FHI har ikkje vore direkte inne i rådgjevinga overfor Bergen kommune i samband med innføring av dette tiltaket, seier fagdirektør i FHI, Frode Forland, til NRK.

Han presiserer som Helsedirektoratet at kommunen etter smittevernlova kan vedta tiltak som er nødvendige for å stoppa smittespreiing.

Det er kommunen som best kjenner til situasjonen og som må gjera ei grundig vurdering av nytte og kostnad med tiltaket, ei forholdsmessighetsvurdering. Bergen kommune har brei kompetanse og stor erfaring med dette gjennom mange ulike fasar av pandemien, seier Forland.

Frode Forland

FAGDIREKTØR: Frode Forland i FHI.

Foto: Eirik Pessl-Kleiven / NRK

– Bergen kommune kan ikkje avgjera dette

Jusprofessor Hans Fredrik Martinussen ved Universitetet i Bergen meiner at Bergen kommune har gjort noko dei ikkje har lov til, med dei nye innstrammingane om å behandla all smitte som omikron-varianten.

– Det er heilt openbert. Ingen bergensarar treng å ta omsyn til denne tolkinga frå kommunen.

Han seier at det er eit klart signal om at innstramminga ikkje er forholdsmessig, no når Helse Bergen seier dei ikkje vil følgja den.

– Bergen kommune kan ikkje avgjera dette, seier Martinussen.

Hans Fredrik Martinussen

IKKJE LOV: Jusprofessor Hans Fredrik Martinussen ved UiB meiner bergensarane ikkje treng å forhalda seg til kommunen si tolking.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

NRK presiserer: Tidlegare i denne saka stod det Bergen ikkje hadde forskriftsfesta at alle smittetilfelle skulle bli behandla som omikronsmitte. Det korrekte er riktig nok at karanteneregimet ikkje er regulert i lokal forskrift, men Bergen kommune meiner at den nasjonale covid-19-forskrifta gir dei høve til å behandle alle smittetilfelle som omikron.