Hopp til innhold

Hardanger-alliansen slår sprekker

Sjøkabel vil også gi store inngrep i naturen. No vurderer Kvam-ordføraren å be regjeringa om å halda fast på vedtaket om master.

Video Hardanger-alliansen slår sprekker

I to av dei fire kommunane kraftlinja skal gå gjennom kan ein sjøkabel bety eit større naturinngrep enn luftspenn.

– Sånn det blir presentert kan eit anlegg knytt til sjøkabel fysisk bli eit større inngrep enn det vil bli med luftspenn, seier Anved Johan Tveit (Sp), ordførar i Eidfjord kommune.

Ordføraren i Kvam herad, Astrid F. Selsvold (Ap), er bekymra.

Å få store installasjonar og masteanlegg oppgjennom Steinsdalen og mot Kvamsdalen meiner Selsvold er ein heilt umogleg situasjon.

Sjå heile saka i videoen.