Startar politisk parti i protest

Utmeldte Ap-veteranar går saman om å lansere eit politisk alternativ til den raudgrøne regjeringa.

Gunnvor Sunde

GÅR NYE VEGAR: Fylkestingsmedlem Gunnvor A. Sunde vil starte nytt parti.

Foto: NRK

Dei tidlegare Arbeidarparti-politikarane kjenner seg svikta og fortvilar over at regjeringa så langt ikkje har stoppa det dei meiner er nedlegging av lokalsjukehus.

Melde seg ut etter 20 år

Fylkestingsmedlem Gunvor Sunde har vore aktiv i Arbeidarpartiet i over 20 år, men etter Helse Vest sitt føde-vedtak onsdag var det slutt.

Ottar Nygård

MELDE SEG UT: Ottar Nygård hadde 30 år bak seg i Ap. No vil han saman med Gunnvor Sunde dra i gang eit nytt parti.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

«Eg avsluttar herved medlemsskapet mitt i Gloppen Arbeidarparti og ber leiaren i Gloppen Arbeidarparti om å fomidle det vidare til fylkesledd og sentralt til Det Norske Arbeidarparti.», skreiv Sunde i brev etter styremøtet der Helse Vest vedtok føde- og ortopeditilbodet i Lærdal og Eid, og dei polikliniske spesialhelsetenestene i Florø, som nedlagde.

– Utviklinga går feil veg

Den røynde fylkespolitikaren kjenner seg ikkje lenger att i sitt eige parti. Derfor vil ho no skipe eit alternativ.

– Eg trur at vi er mange på nasjonalt plan som synest at utviklinga går feil veg.

Ho siktar spesielt til striden om lokalsjukehusa. Eit titals forskjellige sjukehus landet rundt er truga, og sjølv om regjeringa avviser at dei vil leggje ned lokalsjukehus, opnar dei for endringar. Dette har vekt harme og ført til mange utmeldingar.

Veteran har hatt stor pågang

I Selje er heile lokallaget historie.

– Eg har fått utruleg mange har tatt kontakt sidan eg sjølv melde meg ut av partiet, faktisk frå det ganske land. Også mange frå min eigen kommune der folk ønskjer å få eit alternativ til Arbeidarpartiet og den raudgrøne regjeringa, og eit alternativ til Framstegspartiet som dei er redde for vil vekse som følgje av det som skjer, seier Ottar Nygård.

Veteranen der gjennom 30 år ønskjer seg no eit politisk alternativ.

Ap-leiinga beklagar

Raymond Johansen

TIL ETTERRETNING: Partisekretær Raymond Johansen skulle gjerne vore Ap-utmeldingane for utan.

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

Engasjementet har nådd øyret til partisekretær Raymond Johansen på Youngstorget i Oslo.

– For det første synest eg det alltid er veldig trist når folk vel å melde seg ut frå pariet. Når dei likevel gjer det, må vi ta det til etterretning. Det er organisasjonsfridom i Norge, slik at dei har jo høve til å freiste å etablere noko nytt, seier Johansen.