Hopp til innhold

Skal kommunen kjempe for bru over Esefjorden, eller skikkeleg veg?

Spennande om ordførar Einar Målsnes (H) får halde fram i Balestrand.

Balestrand
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Balestrendingane har 6 lister å velje mellom ved dette valet. Det er ei meir enn sist. Nykommaren er SV med Aud Kari Isane på topp. SV stilte også i 2003, men ikkje sist. Frp har ikkje greidd å stille liste i Balestrand denne gongen heller.

Kan bli ordførarspenningordførar-spenning

Det er ei kjend sak at sitjande ordførar har ein fordel i kampen om ordførarklubba. Det har nok Einar Målsnes (H) i Balestrand også. Men i Balestrand er det fem parti som var nesten jamstore ved sist val.

Difor er ikkje ordførarvalet gitt på førehand. Typisk for Balestrand er at ordførarane i nyare tid har kome frå ulike parti: H, KrF, Sp og Venstre.

Ved valet i år har fire parti same listetoppar som sist: Einar Målsnes (H), Harald Offerdal (Ap), Frode Bøthun (KrF) og Arnstein Menes (Sp).

Venstre stiller i år med Råmund Nyhammer.

Få store stridssaker

Balestrand slit med same utfordringar som dei fleste småkommunar: Stram økonomi, fråflytting (sjølv om dei har ein liten auke så langt i år) og mangel på ny næringsverksemd.

Det som engasjerer både folk flest og politikarane er samferdsle. Skal kommune kjempe for bru over Esefjorden, eller skikkeleg veg rundt fjorden.

Kommunesamanslåing blir av og til nemnt, men slå seg saman med kven? Høyanger i vest orienterer seg mest vidare vestover og nord mot Sunnfjord og er ikkje særleg offensive for å inkludere Balestrand. Balestrand kunne nok tenkt seg å sjå austover mot Leikanger, men manglande bru mellom Dragsvik og Hella gjer den diskusjonen førebels uaktuell.

Elles får nok Balestrand nye rundar med skulestruktur. Politikarane har sagt at det berre når skulane blir så små at dei ikkje held pedagogisk mål at endringar blir aktuelt. Men kor liten kan ein skule bli før slike argument blir avgjerande?

Og så vil SV har tilbake buplikt i Balestrand sentrum. For mange hus står tomme store deler av året.

Balestrand - kommuneval

 

Ap

SV

SP

KrF

V

H

Andre

1995

19,4

 

30,3

14,8

16,5

12,1

6,9

1999

22,7

 

14,8

14,1

30,9

10,7

6,7

2003

22,4

11,3

13,5

17,3

21,3

14,2

 

2007

18,4

   -

22,6

16,4

18,7 

23,9