Etter fleire rundar vart partane nyleg einige. Sony Music vert med i kampen mot dei etablerte musikkgigantane Spotify og Wimp.
- Eit komplett tilbod
Frå lokala sine på Mjømna tilbyr Beat.no landets første nettleserbaserte streamingteneste for musikk. Og no kan dei tilby langt fleire enn dei 6 millionar låtane dei hadde i "banken" i vinter.
- Avtalen med Sony er veldig viktig for oss. Dei er det desidert største plateselskapet, og gjev oss tilgong til alle sine artistar. I tillegg til internasjonale stjerner som Britney, får vi norske band som Eva and the Heartmaker. Tilbodet til kundane er komplett, seier markedsansvarleg Linn Dyveke Wilberg i Beat.no
Artikkelen held fram under biletet.
Gjekk mange rundar
Avtalen med Sony vart ikkje signert i ei handvende. Dei to partane har vore i forhandlingar i fleire månader.
- Det var vanskeleg å få til, så det å få underskrifta var litt av ei påskegåve. Vi håpar låtane er på plass til kundane i løpet av neste veke, fortel Wilberg.
- LES OGSÅ:
Lanserer App
Bak verksemda Beat.no står Simen Wilberg, Therese Trefall, Njål Wilberg og Linn Dyveke Wilberg. Dei vil halde fram med å vere i Gulen, og har mange idear som endå ikkje er sett ut i livet.
- Vi er eit lite miljø og ein liten gjeng som skal utvikle Beat.no til å bli betre, meir spennande. Nett no held vi på å lage ein App, så det kjem om ikkje så lenge. Og til sommaren skal vi lansere ein ny måte å finne musikk på. Det vert nyskapande i bransjen, avsluttar Wilberg.