Hopp til innhold

Har sagt ja til å stå på lista

Fylkesvaraordførar Jenny Følling melder seg no på i kampen om mogleg stortingsplass for Senterpartiet.

Jenny Følling

ANDREKANDIDAT: Fylkesvaraordførar Jenny Følling har sagt ja til å stå på nominasjonslista til Senterpartiet.

Foto: Dagrun Reiakvam

Statsråd Liv Signe Navarsete er rekna som ein sjølvskriven kandidat til førsteplassen på lista, medan stortingsrepresentant Erling Sande har sagt nei til gjenval.

Føllling seier til NRK at ho gjerne vil ta over etter Sande.

– Eg har sagt til nominasjonskomiteen at dei kan få bruke namnet mitt dersom dei ønskjer det.

Erstattar til Sande

I sommar vart det klart at Erling Sande ikkje tek attval for Senterpartiet ved neste stortingsval. Liv Signe Navarsete er å rekne som ein sjølvskriven kandidat til ein første plass på nominasjonslista, men nominasjonsnemda har ei ekstra utfording med å finne ny andrekandidat.

Generalsækeretær i senterpartiet Knut M. Olsen frå Jølster, har framleis ikkje bestemt seg om han vil melde seg på i kampen om stortingsplassen. Men etter å ha brukt sommaren på å tenkje har Følling sagt ja.

– Det var litt vanskeleg, for eg måtte tenkje gjennom to ting. Det eine var om eg var villig til å den arbeidsbelastinga det eventuelt måtte bere å stå på ei slik liste, og det andre var om det viktig for partiet, seier fylkesvaraordføraren.

Aktiv i fleire roller

Følling har i ei rekkje sentrale verv. I tillegg til å vere fylkesvaraordørar, er ho fylkesleiar i KS og styreleiar i Innovasjon Norge. Men ho vil ikkje snakke om dette er verv som kan kombinerast med ein evt stortingsplass.

– Eg likar veldig godt det eg gjer, både i fylket, i Innovasjon Norge og gjennom KS, og eg brukar mykje tid på det, seier ho.

– Men når du har stilt deg til disposisjon for partiet, så må vel det bety at du har nokre ambisjonar og vilje til å gjere ein jobb på Stortinget også?

– Det spørsmålet tek vi når den problemstillinga eventuelt skulle oppstå, og den er ikkje der no, seier Følling.