Hopp til innhold

Har pynta huset i fleire dagar, men ingen får koma inn: – Møter folk nede ved porten i år

Sjølv om nedgravde «lik», heksebrygg og skjeltthundar tiltrekker seg mykje folk, må halloween-fantasten Karen Elise halde koronaavstand i år.

Karen Elise Ramsli i Høyanger

HALLOWEEN-FANTAST: – Eg likar halloween. Det er noko med årstida. Det er så moro å pynte og lage litt stemning, det er jo veldig mørkt før folk tek fram julelysa sine, seier Karen Elise Ramsli i Høyanger.

Foto: Eirik Johnsen

Framfor Karen Elise Ramsli si inngangsdør i Høyanger i Sogn blir ein møtt av ein to meter høg drage som både lyser og lagar lydar.

Ho er ein av dei som elskar halloween – og brukar fleire dagar på å sette stemninga.

– Draken er her eigentleg for å stenge folk ute av smittevernomsyn. Eg tenkte å møte folk nede ved porten i år, fortel huseigaren.

Halloween i Høyanger

SJÅ BILETE: Sjå eit utval av karakterane familien Ramsli har fått plass til i hagen sin.

Foto: Eirik Johnsen / NRK

«Søppel» blir pynt

I over ti år har familien Ramsli pynta hagen med mellom anna spindelvev, svære edderkoppar og hekser. Det har allereie vore barn på døra som spør om det blir halloween i år.

– Så draken har ikkje skremd dei, seier ho.

Lenger inn i hagen finn ein spøkelse, klovnar, barnevogner og skumle dokker. Ramsli har også sett opp eit telt. På innsida er det endå fleire hekser, skjelett og kokande gryter.

– Tanken var å gi kjensla av spåkoner. Eit heksemiljø!, fortel ho.

Huseigaren er truleg over snittet begeistra for den omdiskuterte tradisjonen.

– Eg likar halloween. Det er noko med årstida. Det er så moro å pynte og lage litt stemning, det er jo veldig mørkt før folk tek fram julelysa sine, forklarar ho.

"Lik" i hagen i Høyanger

LIK: – Dette er ein kar som har vore med oss i fleire år. Han har vore brukt til mangt og mykje, fortel huseigaren engasjert.

Foto: Eirik Johnsen / NRK

Nordmenn brukte 1,2 milliardar i fjor

Bare én av fire nordmenn feirer halloween, viste tal frå YouGov i fjor. Talet har heldt seg stabilt, men nordmenn brukar stadig meir pengar på feiringa.

I fjor brukte kvar nordmann i snitt 1333 kroner på markeringa.

Men for Ramsli er gjenbruk er eit viktig element i dekorasjonane.

Hekseteltet er eit gammalt campingtelt som eigentleg skulle på søppeldungen.

– Klovnen er laga av streng og røyrisolasjon, og så har vi brukt ei gammal seng og hjul frå to syklar som skulle kastast.

På framsida av huset prøvar nokon å grave seg fram ifrå ein stein.

– Dette er ein kar som har vore med oss i fleire år. Han har vore brukt til mangt og mykje, fortel huseigaren engasjert.

Likar å lage stemning

I ei syrinbusk stikk eit grønt ansikt fram.

– Ho der kjem rett ifrå fest, ler Ramsli.

Halloween i Høyanger
Foto: Eirik Johnsen

Til trass for element som kan verke skremmande for dei fleste, er det lite som tydar på at ho vil halde folk vekke frå eigedommen.

Med alt arbeidet på førehand har Ramsli sett seg nøydd til å engasjere fleire dette året.

– No har også mannen min Tore blitt med, og store delar av pyntinga mi har dottera mi stått for. Ho har halde på i to dagar, og eg har stått med kaffikoppen og sagt korleis eg vil ha det, smiler ho

Folkehelseinstituttet har oppmoda nordmenn om å ha ei nedtona halloween-markering i år. Dermed blir det lite dør til dør-rundar, også i nabolaget til Ramsli.

Men klokka ti om kvelden blir det mørkt og stille også hos henne.

– Då er ungane gått heim og naboane er nok lei. Det er sikkert litt irriterande, seier Ramsli med eit smil.