Hopp til innhold

Til val på gratis saft og mjukt dopapir

Ja til mjukt toalettpapir, nei til rosiner i tacoen, og gratis saft til fredagsgrauten. Det er kampsakene til det som kan bli siste tilskot ved det øvste studentpolitiske organet i Bergen.

Det Eneste Reelle Alternativ (DERA) stiller til val ved Studentparlamentet i Bergen med kampsaker som "Ja til Tacotirsdag" og "Mykere toalettpair ved universitetstoalettene".

Fredrik Tombra

VIL HA MJUKARE DOPAPIR OG GRATIS SAFT: Som 7.-kandidat for DERA (Det Eneste Reelle Alternativet) er Fredrik Tombra overtydd om at mjukare toalettpapir er verdt å slåst for. – Somme seier jo at det er sandpapir vi har å tørka oss med i dag, seier han.

Foto: Eli Fossdal Vaage / NRK

Dei kallar seg Det Eneste Reelle Alternativ (DERA), og får stort sett berre ros frå sine politiske motstandarar.

Med slagord som "Ja til mjukare toalettpapir på universitetstoalettene – også harde menn blir såre" har lista, beståande av studentar ved Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Universitetet i Bergen (UiB), i løpet av kort tid blitt likt av over 600 personar på Facebook.

Ifølgje studentavisa Studvest er det heile fire gonger meir enn alle dei andre kandidatane. Dermed kan DERA ha ein reell sjanse om å representere nærare 15 000 UiB-studentar i Studentparlamentet, det øvste politiske organet for Bergensstudentane på Høyden.

Vil friska opp

DERA

VIKTIG? 'Ja til mjukare toalettpapir ved universitetstoalettene – harde menn blir også såre'. Dette er eit av slagorda som har gitt DERA (Det Eneste Relle Alternativ) over 600 'likest' på Facebook. Kor mange av studentane ved Universitetet i Bergen som faktisk vil bli representert av den nye lista, står att å sjå.

Foto: Facebook

NRK.no møter DERA i aulaen på Det juridiske fakultet, der dei saman med dei andre listene som stiller til val driv valkamp.

Fredrik Tombra er bachelorstudent i Europastudier, og sjuandekandidat på DERA-lista. At det heile berre er ironisk meint, vil han ikkje vedkjenna seg.

– Mange av dei andre listene meiner mykje av det same: Studentvelferd, mentorordning for studentar, ja til bygging av studentbustader og så vidare. Vi er ikkje motstandarar av slike ting, men vil heller fokusere på dei "små" ting som er viktige i kvardagen.

– Slik som mjukt toalettpapir, og forbod mot rosiner i tacoen?

– Ja, nettopp. Faktisk er det visstnok slik at ein treng mindre papir dersom det er mjukt, og dermed sparar ein jo miljøet òg.

– De har jo allereie blitt likt av veldig mange på Facebook. Kva om de faktisk kjem inn i Studentparlamentet og må ta stilling og meine ting om faktiske, viktige politiske saker? Korleis kan dei som røysta på dykk, vite kva de meiner då?

– Det må vere lov å ha litt humør og friske opp litt i det som elles er ei frykteleg keisam, grå mus; nemleg Studentparlamentsvalet.

Frank Aarebrot: – Skuffande

Frank Aarebrot

TJA: Professor Frank Aarebrot ser ingenting gale i at studentane engasjerer seg i utvalet i studentkantinene. Samtidig påpeikar han at det jo finst viktigare saker å kjempe for.

Foto: Åge Algerøy / NRK

"Flytt tacofredag til tysdag". "Eksamensfri 18. mai". "Reservasjonsrett på lesesalen". "Joikakaker i studentkantinene på samenes dag". "Undervisningsfri i fadderuken". "Gratis påfyll av saft".

Rekkja med kampsaker er lang. Men kva synest professor ved kandidatane sitt eige fakultet, Frank Aarebrot, om DERA?

– Det er jo positivt at dei tar opp saker dei kan gjera noko med. Så spørst det jo, om dei skulle bli vald inn, kor lenge dei faktisk vil gidda å møte opp i Studentparlamentet – for ein kan vel rekna med at ting som tacoen og dopapiret er nokså lettvint å få på plass.

Få studentar røyster ved parlamentsvalet

Bjørn Kristian Danbolt

POSITIV TIL MANGFALD: Bjørn Kristian Danbolt er har vore leiar for Studentparlamentet det siste året. Han oppmodar fleire studenta rom å bruke røysteretten sin, og trur det hjelper på valdeltakinga at fleire stiller til val. Einskildsakene til DERA og dei andre listene håpar han vil famne så vidt at fleire går til urnene.

Foto: Eli Fossdal Vaage / NRK

Generelt er det svært låg valdeltaking blant studentane. I fjor røysta totalt 20 prosent av studentmassen, og det var ein stor opptur samanlikna med året før.

Noverande leiar i Studentparlamentet, Bjørn Kristian Danbolt, er av den grunn positiv til DERA.

– Ein får jo inn nye perspektiv, som vi kanskje ikkje har vore flinke nok til å plukke opp. I år er det jo to nye lister med, Grønn Liste og DERA, og vi håpar det gjer at endå fleire studentar no brukar røysteretten sin.

Valet er nettbasert, og går føre seg mellom 29. april og 7. mai. Først då blir det altså klårt om DERA får høve til å kjempa for sitt mjuke toalettpapir.

– Finst viktigare saker

DERA får både kjeft og ros

FÅR BÅDE RIS OG ROS: Kanskje er det kvardagssakene som fenger dagens studentar? Iallfall har DERA (Det Eneste Relle Alternativ) trass si korte levetid hauste langt fleire 'likes' på Facebook enn sine motkandidatar med saker som 'Ingen flere rosiner i tacoen'.

Foto: Eli Fossdal Vaage / NRK

Professor Frank Aarebrot har absolutt sansen for å ha med eit par morosame småsaker for å sanke røyster blant dei mange som sit på gjerdet. Men samstundes legg han til at Studentparlamentet jo har påverknadskraft i viktigare saker.

– Det som er skuffande, er jo at det finst ein haug alvorlege saker som Studentsamskipnaden i Bergen (SiB) faktisk er ansvarleg for. Og det er dei Studentparlamentet skal ha kontrollen på, og utøve den demokratiske makta si mot.

– Kva slag saker då, til dømes?

– Tja, legetenester og psykiatri er gode døme. Mangel på hyblar òg. Ein skulle kanskje tru studentrepresentantane ville brukt makta si til å utøve press for å få fortgang i eksistensielt viktige saker som gjeld dei sjølve. Og med tanke på kantina, kanskje passe på at prisane ikkje aukar meir enn stipendet framfor å slåst for gratis saft?