Hopp til innhold

Vegvesenet anmelder farleg last og køyring – politiet legg vekk fleire hundre av sakene

Til no i år har politiet lagt vekk nærare 300 saker som Statens vegvesen har meldt inn. – Sender eit signal om at folk slepp å ta ansvar i trafikken, meiner Vegvesenet.

Kontroll av vogntog

KONTROLL: Utekontrollen til Statens vegvesen sjekkar store og små køyretøy i tilfeldige kontrollar.

Foto: Borgar Sagbakken

– Vi ser alvorleg på at politiet legg bort så mange politimeldingar, seier avdelingsdirektør Kjetil Wigdel i utekontrollen i Statens vegvesen.

Oppgåva til utekontrollen er å sjekke små og store køyretøy i tilfeldige kontrollar.

I år har politiet lagt bort nærare 300 av politimeldingane dei har levert. Sakene er i all hovudsak frå dei siste tre åra og gjeld for alle 12 politidistrikta.

Innrømte lovbrot – lagt vekk

Eit døme kjem frå 2018, då føraren av ein tungbil blei stogga utan sjåførkortet som registrerer køyre- og kviletid i fartsskrivaren. Føraren vedgjekk forholdet.

Det viste seg at sjåføren hadde jobba svært lange dagar, den lengste på over 19 timar.

– Føraren vil vere ein fare for seg sjølv og andre trafikantar med så lange periodar utan kvile. Slike brot er også konkurransevridande overfor andre transportaktørar, skriv Vegvesenet

Saka blei lagt bort av Vest politidistrikt i september 2020.

Kjetil Wigdel, Statens vegvesen

ALVOR: – Vi ser alvorleg på at politiet legg bort et så stort tal på av våre politimeldingar, seier avdelingsdirektør Kjetil Wigdel i utekontrollen i Statens vegvesen.

Foto: Torstein Paulsen / Statens vegvesen

I alle kategoriar

Wigdel fortel at desse sakene ofte krev mykje ressursar. Han meiner det er i folk flest si interesse at dei endar i ein sanksjon.

– Først og fremst for å betre trafikktryggleiken for alle, men også for å sikre gode arbeidsvilkår og rettferdige konkurranseforhold i transportbransjen.

Sakene som blir lagde bort er i alle kategoriar. Det handlar om køyre- og kviletid, overlast, manglande lastesikring og manglande dokumentasjon. Eller at førar ikkje har stoppa for kontroll, eller manglande bruk av bilbelte.

Ole Einar Adamsrød er fagleg sekretær i Fellesforbundet. Innanfor tungtransporten er det særleg overlast og brot på køyre- og kviletid som går igjen, seier han.

– Når saker blir lagde bort, sender det eit signal om at folk slepp å ta ansvar og at dette er greitt. Det er feil, seier han.

– Statens vegvesen gjer vurderingar ut frå regelverket. Når det blir brote, bryt ein òg tryggleiken på vegen, seier han.

Legg vekk 11 prosent av sakene

Politiinspektør Kristina Caldwell i Vest politidistrikt viser til at det frå 1. januar 2015 og til i dag kom inn 3945 politimeldingar frå Statens vegvesen til Vest politidistrikt.

11,3 prosent av politimeldingane frå denne perioden er lagde bort.

Caldwell meiner prosenttalet viser at desse sakene har høg prioritet.

– Vi er ikkje usamde med Vegvesenet i at dette er alvorlege saker som skal prioriterast. Tryggleik i trafikken er veldig viktig, det handlar til sjuande og sist om liv, seier Caldwell.

Ho viser til det er fleire årsaker til at saker kan bli lagde bort. Mangel på gjerningsperson eller bevis kan vere blant årsakene, eller at politiet må prioritere alvorlegare saker.