Hopp til innhold

Saknar synleg politi på sjøen

Eit stort fleirtal av det norske folk meiner politiet ikkje er synlege nok på sjøen. Det syner nedslåande tal i ei ny undersøking.

Video Lite synleg på sjøen

Nordmenn meiner ulykker på sjøen kunne vore unngått dersom politiet hadde gjort meir

I fjor omkom 31 menneske på sjøen, og over halvparten av dei spurde meiner ulykker kunne vore unngått dersom politiet hadde gjort meir.

Har ikkje nødvendig mannskap

I hamna i Florø ligg båtplassen til politiet tom. Dei har måtte selje politibåten for å spare pengar, fortel Politistasjonssjef Robert Veseth. Dermed står Sogn og Fjordane politidistrikt utan ein einaste politibåt.

– Vi får på mange måtar ikkje organisert oss på ein slik måte at vi kan setje av to personar til å køyre båt- og sjøteneste, slik tanken ein gong var, seier Veseth.

Dermed har politibåten i Florø blitt liggande mykje til kai. Og slik er det også i resten av landet. Ei fersk undersøking gjort av InFact slår fast at eit stort fleirtal av det norske folk ikkje er nøgde med politiet sin innsats til sjøs.

Over halvparten av befolkninga vil ha eit meir synleg politi på sjøen, og dei spurde trur at mange ulykker med fritidsbåt kunne vore unngått.

Ville tilstandar

Arne Johannesen, forhandlingsleder for Unio i staten

Leiar i Politiets Fellesforbund, Arne Johannesen.

Foto: Johan B. Sættem

Spesielt på Austlandet har det vore ville tilstandar på sjøen, med råkøyring og promille.

Arne Johannessen i Politiets Fellesforbund er ikkje overraska over dei nedslåande tala i den ferske undersøkinga.

– Det er kraftige signal til styresmaktene når båtfolket sjølv etterlyser meir politi, seier Johannessen.

Johannessen meiner politiet har meir enn nok å setje fingrane i på sjøen, mellom anna nye reglar og promillekøyring.

Må leige båt

I Florø vil dei kjøpe ein mindre og rimlegare båt enn den dei hadde, men dei veit ikkje om eller når ein ny båt vil kome på plass. I mellomtida må dei hjelpe seg med andre løysingar.

– No må vi ut på leigemarknaden og leige oss ein båt når vi skal ut, seier Veseth.