Hopp til innhold

Turistane har ikkje råd til mat i Norge - fyller bilen før dei dreg heimefrå

Dei norske matprisane gjer at utanlandske turistar styrer unna kafear og restaurantar. I staden tek dei med seg både mat og drikke heimeifrå.

Created by InfoDispatcher

TEK MED MAT: Mange utanlandske turistar fyller bilane med mat frå heimlandet, før dei dreg på ferie til Norge.

Nede med Bøyalevi i Fjærland sit Anita frå Tyskland på huk og fyller opp flaska etter flaska med det blågrøne brevatnet. Ho og mannen Timo er på bubilferie i Noreg.

– Viss vi skal kjøpe vatn på butikken, må vi betale omtrent fire Euro for ein halv liter. Her får vi det gratis, seier Tino, og smiler nøgd.

Dermed ordnar dei seg drikke heilt utan kostnad. Og maten, den har dei med seg heimefrå.

– Klart. Det er det same som med vatnet. Vi tek med oss all maten vi treng frå Tyskland fordi alt er mykje billegare der enn her i Norge, seier Tino.

Han fortel at alt er mykje billigare heime i Tyskland, så dei tok med seg så mykje mat dei berre kunne. Ein ringjerunde NRK har gjort til kafear i fylket, viser at:

  • Ein kopp med kaffi kostar mellom 20 og 30 kroner
  • Ei halvlitersflaske med vatn kostar mellom 25 og 40 kroner
  • Ei vaffel eller svele kostar mellom 25 og 35 kroner

– Dei norske prisane er generelt veldig høge, seier Tino.

Og han nett det same seier fleire av utlendingane som tuslar rundt i Fjærland.

– Det er mykje dyrare enn i Sveits, seier ein sveitsisk turist.

– Det er dyrt, dyrt, dyrt, seier ein annan kar.

Berre nordmenn i kafeen

På Bremuseet i Fjærland er åtti prosent av alle gjestene utanlandske. Men i kafeen høyrer ein berre norske stemmer.

– Det er vanskeleg. Skal ein gå opp i tråd med indeksane og inflasjonen i Norge og krevje meir frå desse turistane som allereie tykkjer Norge er eit forferdeleg dyrt land? Det er eit stort dilemma som eg vil tru veldig mange slit med, seier John Brekke, som er dagleg leiar på Bremuseet.

På Bremuseet serverte dei tidlegare mat til utanlandske grupper med, men det måtte dei rett og slett slutte med.

– Det er fordi dei pressar prisane så hardt at vi ikkje sit att med noko. Vi vil heller ikkje levere noko som vi ikkje kan stå inne for. Då kan ein ikkje bruke dei beste råvarene, eller ha nok folk, slik ein ønskjer på servering og jobb, seier Brekke.

Må få fylle viss dei vil

100 meter frå der Anita og Tino fylte opp vassflaskene sine, ligg Brevasshytta. Det er ein kafe som mellom anna sel vatn.

Når dei får høyre at turistane fyller klart brevatn frå Bøyaelva, kan dei ikkje anna enn å smile.

– Vi kan ikkje tvinge dei til å kjøpe noko. Og norsk fjellvatn er jo veldig godt, seier Anne Randi Bøyum.