Hopp til innhold

Har gjort nok eit stort oljefunn

Statoil har gjort eit stort oljefunn i Skinfaks-feltet som ligg i Gullfaks-området vest av Solund.

Skinfaks
Foto: Statoil

Dette er det fjerde oljefunnet i Gullfaks-området dei siste 10 månadene. Tidlegare har ein funne olje i felta Rutil, Opal og Brent.

Kan vere 6,9 millionar ekvivalentar

Volumanslaget er på mellom 1,9 og 6,9 millionar utvinnbare fat oljeekvivalentar.

– Vi jobbar no med å sjå om dette funnet kan utvinnast i tilknyting til den infrastrukturen som alt er i området, seier leitedirektør Tore Løseth i Statoil.

Skinfaks Sør ligg rett vest for Gullfaks-feltet i Tampen-området i Nordsjøen. Gullfaks-feltet vart oppdaga i 1978, og var rekna til 2,5 milliardar fat oljeekvivalentar.

Eitt år – fire store funn

Seinare har funn av felt som Gullfaks Sør, Rimfaks og Valemon tilført endå éin milliard fat oljeekvivalentar til området.

No er det i løpet av eitt år gjort fire nye funn: Rutil, Opal, Brent 10 A/B og no Skinfaks Sør, som samla gir ein ressurstilvekst på 50–100 millionar fat oljeekvivalentar.