– Responsen har vore overveldande. Det har kome inn fleire hundre julegåver, og vi har vore nøydde til å ta nokre vekk frå treet og legge dei på lager. Det var ikkje plass, seier Gro Janne Gjerdevik, som er styremedlem i Nordfjordeid Senter.
Ho og resten av styret kom opp med ideen om gåvene då dei spurde seg sjølve kva positivt dei kunne gjere for eidarane.
– Dette er gåver til personar i Eid som ikkje har så mykje å rutte med no før jul. Vi oppmodar eidarane om å levere inn ei gåve og legge ho under treet, seier Gjerdevik.
Tek med ungane på handel til trengande
Og responsen har altså vore enorm. Wenche Holmøyvik er ein av dei som var på plass torsdag ettermiddag for å gje gåver til vilt framande.
– Det var ikkje fordi du stod her, spøkte Holmøyvik med NRK sine reporter på senteret. Eg og ungane har kost oss: Handla, pakka inn heime og merka dei. Vi vil gje vårt bidrag.
Som lærar i ungdomsskulen ser ho dagleg at det er forskjellar på økonomien til barnefamiliar. Det tykkjer ho er sårt. Ho kan røpe at gåvene er til den yngre garde.
– Ungane mine handlar til ungar på sin eigen alder. Så her er det alt frå ting til babyar til 14 år. Eg trur mange tek med seg ungane på dette, slik at det ikkje berre blir ein kjøpsfest for oss som har det vi treng, seier Holmøyvik.
(Artikkelen held fram under biletet)
Vil nytte heile apparatet for å finne mottakarane
Over 130 personar i Eid kommune tek i mot sosialhjelp frå NAV. Og nettopp NAV skal hjelpe til med å få gåvene ut til dei som treng det.
– Juletida er kanskje ekstra vanskeleg for dei som har små ungar, anten det er born, barneborn, eller tante som ønsker å gje tanteungane ei julegåve, seier Bodil Førde frå NAV-kontoret.
Karoline Hildenes jobbar også på NAV, og er imponert over givargleda til eidarane.
– Det er kjempebra og overveldande. Eg vart svært glad då Gro tok kontakt med oss for å høyre om vi ville vere med på dette. Det ville vi sjølvsagt.
No vil dei tilsette på NAV gå gjennom sine system, og snakke med andre avdelingar i kommunen som barnevernstenesta og psykiatritenesta, for å finne ut kven som får dei mange gåvene. Ein stor jobb som kan bli større, for fram til 18. desember kan alle legge gåver under treet.