Hopp til innhold

Har gitt opp å finne overlevande

Hovudredningssentralen meiner at det ikkje lenger er håp om å finne dei to sakna mennene i Solund i live. Søk etter dei to er no innstilt, men vil ta til igjen i morgon. torsdag kveld.

Det er gjort omfattande søk etter dei to sakna.

OMFATTANDE SØK: Store mannskap har og leita langs strender og svaberg på øyar og holmar både i Solund og Askvoll.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Vi vil ta stilling til korleis vi skal gjere vidare søk i morgon tidleg, seier Terje Magnussen ved Politiet i Hordaland. Det blir då vurdert kvar og korleis søk skal gjerast. Vi har også bede om at båtar som er i nærleiken kan bistå oss i arbeidet.

Leiteaksjonen er inne i ein ny fase, ettersom det no er leiting etter antatt omkomne. Det er politiet i Hordaland som har fått hovudansvar for vidare søk. Alle søk er no innstilt fram til i morgon.

Få spor å gå etter

– Per no har vi ikkje noko som kan knytast opp mot båten. Vi har heller ikkje fått stadfesta at dei gjenstandane som vart funne tidlegare i dag er i frå båten, seier Magnussen.

Folk som kjenner båten blir no kontakta for å få dette stadfesta eller avkrefta.

Klokka 18 torsdag kveld overlot hovudredningssentralen ansvaret for leitinga til politiet, då dei reknar med at dei to mennene mest truleg har omkome.

To menn i 40- og 60-åra frå Solund har vore sakna sidan i går kveld. Dei melde frå om at båten deira tok inn vatn. Leitinga blir no konsentrert kring området ved Geita fyr, aust av Værlandet.

Geita fyr

GEITA FYR: Søket etter dei to sakna har i ettermiddag vore konsentrert om Geita fyr.

Foto: Alf Vidar Snæland

Det vart tidlegare i dag funne vrakrestar, som kan stamme frå den sakna båten. Hovudredningssentralen opplyser at det i ettermiddag ikkje er gjort nokon nye funn. Det er søkt over særs store område.