Hopp til innhold

Ordførar: - Solundsamfunnet står saman no

Ordførar Ole Gunnar Krakhellen i Solund (H) seier folk i kommunen gjer det dei kan for å bidra i leiteaksjonen etter to sakna menn. – Dette viser at Solund-samfunnet står saman i leitinga, seier han.

Ole Gunnar Krakhellen om søk etter to sakna menn i Solund

STÅR SAMAN: Ole Gunnar Krakhellen seier folk i den vesle kommunen står saman.

Foto: Privat/Alf Vidar Snæland

– Det viktigaste er at det framleis er håp. Det blir leita med uforminska styrke, og eg ser eit kjempestort lokalt engasjement, seier Krakhellen til NRK.no torsdag føremiddag.

To menn i 40- og 60-åra er sakna etter at båten deira i går kveld byrja ta inn vatn. Dei to melde sjølv frå til Hovudredningssentralen, som etter kvart miste kontakten med dei to. Eit søk vart raskt sett i gang, men torsdag klokka 11.30 er det framleis ikkje gjort funn.

Ifølgje Hovudredningssentralen skal søkeforholda framleis vere krevjande. Det er fleire meter høge bølgjer i området der søket går føre seg.

– Dette pregar alle

I Solund har kommunen sett kriseteamet og dei har diskutert korleis dei best mogleg kan hjelpe dei pårørande.

– Dette er ei vanskeleg sak for dei pårørande, og vi har den største omsorg både for dei og resten av Solund-samfunnet som blir utfordra av ei slik sak, seier ordføraren.

Det er til saman 15 båtar som deltek i søket, fleire av desse er lokale båtar.

– Eg set stor pris på engasjementet. Det syner både utad og innad at vi står samla i slike saker, seier han.

I ein liten kommune der mange kjenner mange er ei slik sak noko som går inn på folk.

– Dette pregar alle. Vi går alle og håpar på det beste, at ein skal finne dei sakna og finne dei i live, seier Krakhellen til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Redningsskøyta MS Halfdan Grieg gjer søk etter to sakna menn i Solund

VANSKELEGE FORHOLD: Det var vanskelege forhold for båtane som onsdag kveld og natt til torsdag søkte etter to menn i ein fritidsbåt i Solund. Biletet er teke av mannskapet på redningsskøyta Halfdan Grieg. Forholda er no betre, og dette bilete er teke i føremiddag. Framleis er det høge bølgjer i området.

Foto: Redningsskøyta MS Halfdan Grieg

Søkjer frå lufta, til sjøs og på land

Store ressursar har blitt sett inn i søket. I går kveld søkte eit redningshelikopter, to kystvaktskip, ei redningsskøyte i tillegg til fleire lokale båtar. Ein del av båtane måtte i natt gje seg grunna dårleg vêr, men i morgontimane har søket blitt trappa opp att.

Torsdag føremiddag blir det gjort søk både frå lufta, til sjøs og langs land. To kystvaktskip, i tillegg til 15 andre båtar gjer søk til sjøs. Kystverket har eit fly i området, i tillegg gjer luftambulansen og redningshelikopter søk i området.

Sivilforsvaret, brannvesen, Røde Kors og Norske redningshundar er kalla ut for å gjere strandsøk på Værlandet, øya ligg nord for området der mennene melde frå at dei sist var.

Ifølgje Sivilforsvaret har dei 38 personar på veg, dette er befal og mannskap frå Askvoll, Førde og Florø. Samla er det kalla ut 55 personar for å gjere søk på land.

Vanskeleg søkeområde

Roar Moe er ein av dei lokale som frivillig har delteke i søket. I går kveld og natt til i dag var han med å søke med båt etter dei to sakna mennene.

– Det var ein veldig dramatisk situasjon der vi gjorde søk i ei område som vi reknar som ei paddemark, seier han og viser til at området er veldig farleg.

– Det er berre lokalkjende folk som går i desse sjøområda. Det er veldig uoversiktleg. Eg vil ikkje seie det er berykta, men ein skal vere veldig klar over kva ein gjer når ein går inn i dette området, seier Moe.

Sivilforsvaret på plass på Værlandet

PÅ PLASS: Sivilforsvaret har tidleg torsdag ettermiddag folk på plass på Soknavåg på Værlandet der det skal gjerast søk lands land.

Foto: Alf Vidar Snæland