Hopp til innhold

Har funne guten som var sakna på Voss

Det har i ettermiddag vore ein stor leiteaksjon etter ein fireåring som var sakna på Voss. Like etter klokka 17.00 melder politiet at guten er funnen i god behald.

– Han er uskadd, men trøytt og sliten. Han blir no gjenforeint med foreldra sine, ifølgje politiet.

Guten vart sist sett på ved Vikjavegen på Voss rundt klokka 13.20 i dag. Like før klokka 14.00 kom meldinga om at Vest politidistrikt leiar og koordinerer ein leiteaksjon.

Bjørn Inge Aarsand er overbetjent ved Voss lensmannskontor. Han fortel at leiteaksjonen held fram, og at dei ikkje har sett teikn til guten endå.

– Det er ikkje noko nytt i saka, seier han til NRK klokka 16.20.

Ifølgje han forsvann guten frå eit bustadhus i Vikjavegen, om lag to kilometer utanfor Voss sentrum.

– Søket går føre seg i Vikjavegen, langs strandsona i Vangsvatnet og forbi Gjernes mot sentrum. Det er ikkje kjent kva retning han har vandra i, og vi leitar i aktuelle område, seier Aarsand.

I alt seks ekvipasjar med politi- og redningshundar leitar etter fireåringen. I tillegg er luftambulansen og folk frå Røde Kors i gang med å leite.'

Brannvesenet leitar på Vangsvatnet med båt, og luftambulanse bidreg også i søket. Ifølge Aarsand har politiet ikkje grunn til å tru at det har skjedd noko alvorleg.

Guten er fire år og har afrikansk utsjånad. Han har grå og grøn jakke, er rundt 110 cm høg og har kort hår. Han skal også mangle språk, og vere rask til beins.

Guten vart funnen i nærleiken av huset han forsvann ifrå.