Hopp til innhold

Har funne feilen

Jølster kommune har lokalisert feilen som gjer at over 100 husstandar er utan vatn på Vassenden. Dei fleste abonnentane vil vere utan vatn i nokre timar til, medan dei på Langhaugane vil vere utan vatn ut dagen. – Er det nokon på Langhaugane som treng vatn av blant anna helsemessige årsaker, så ber vi dei ta kontakt med kommunen, seier Jølster-ordførar Oddmund Klakegg.