Hopp til innhold

Har fortsatt tillit til Lysbakken

SV og Audun Lysbakken må snarast rydda opp i rotet rundt pengetildelingar til partifeller, meiner stortings-representant Gina Barstad frå Bergen.

Barstad representerer Hordaland SV på Stortinget.

Ho har full tillit til Lysbakken, og meiner at saka om pengar til Jenteforsvaret ikkje svekkar Lysbakken sitt kandidatur som ny SV-leiar.

– Eg trur han blir ein god SV-leiar, men det er avgjerande at vi får rydda skikkeleg opp i denne saka, seier ho.